Vestlandsforsking - Forskar på stordata (Big data)

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.

Forskar på stordata (Big data)

Vestlandsforsking har stor aktivitet med nye prosjekt innan stordata (Big data) og treng inntil to nye forskarar. På forskingsområdet stordata samarbeider vi både med akademia og næringsliv på bruksområde som mobilitet, transport og krise­handtering. Arbeidet omfattar også publisering i leiande internasjonale tidsskrift. Vi deltek og koordinerer stordata-prosjekt med finansiering både frå Norges Forskningsråd og frå EU.

Om stillingane
Forskarane vil gå inn i ei forskingsgruppe for stordata og delta i forskingsarbeidet på området. Arbeidet omfattar deltaking både i søknadsarbeid, prosjektarbeid og publisering og presentasjonar.

Krav til søkjarar
Søkjarar bør helst ha PhD-grad i informatikk eller relatert område. For søkjarar som ikkje har PhD, bør dei vera både interesserte og i stand til å gjennomføra ei slik utdanning. Søkjarar må vidare ha erfaring innan analyse og handtering av store og komplekse datamengder og eventuelt også kunnskapar om maskinlæring.

Det er ønskjeleg med kjennskap til, og erfaring med programmerings- og skript-språk som t.d. Python.

Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i engelsk og norsk er eit krav, og søkjarar bør vera i stand til kreativ problemløysing. Evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid i ei gruppe er også viktig.

Søknadsfrist er 30. juni 2017

For nærare informasjon om stillinga:
Professor Rajendra Akerkar, e-mail: rak@vestforsk.no
Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-mail: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist: 30.06.2017
Web: www.vestforsk.no

Kontakt: Professor Rajendra Akerkar

Kontakt 2: Direktør Merete Lunde