Vestlandsforsking - Forskar på klima- og miljøområdet

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.

Forskar på klima- og miljøområdet

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg.

Ved Vestlandsforsking er det ledig stilling som forskar på klima- og miljøområdet med kunnskap og interesse innafor desse forskingsområda:

  • klimapolitikk
  • industriell økologi
  • energi
  • transport og miljø

Vi søkjer etter ein person med doktorgrad, gjerne med erfaring frå arbeidslivet. Søknader frå personar med mastergrad vil òg bli vurderte. Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillinga:

Send søknad med CV, referanser og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist: 01.06.2017
Web: www.vestforsk.no

Kontakt: Forskingsleiar Carlo Aall
Telefon: 991 27 222
E-post: caa@vestforsk.no

Kontakt 2: Direktør Merete Lunde
Telefon: 996 07 678
E-post: ml@vestforsk.no