Universitetet i Stavanger (UiS) -  Universitetslektor i pedagogikk/ spesialpedagogikk

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 10.700 studentar og 1.560 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utforske det ukjente og utfordre det velkjente.

Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) er eit landsdekkjande senter med eit styre oppretta av Kunnskapsdepartementet. Forutan å vere ein del av Det humanistiske fakultet er senteret ein del av eit nettverk av elleve nasjonale sentre, lagt under Utdanningsdirektoratet. Læringsmiljøsenteret står nasjonale utdanningsstyresmakter bi i arbeidet med å realisere den nasjonale utdanningspolitikken innanfor ansvarsområdet sitt.Senteret arbeider med fagleg utvikling, forsking, utoverretta verksemd og relevant undervisning i tråd med fastsette mandat.Senteret har eit styre som øvste organ.Verksemda til senteret består av oppdrag gitt frå Utdanningsdirektoratet og eigeninitierte oppgåver innanfor forsking og utvikling, kompetanseutvikling i barnehagar og skular samt undervisning og rettleiing ved universitetet. Senteret har to avdelingar; ein i Stavanger og ein i Porsgrunn. Det er i dag 50 tilsette tilknytt senteret.

Universitetslektor i pedagogikk/ spesialpedagogikk

Søknadsfrist 30. april 2017 

Universitetet i Stavanger (UiS) har ledig stilling som universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk eller tilsvarande ved Det humanistiske fakultetet, Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret). Stillinga er lokalisert ved senteret si avdeling i Stavanger, og er ledig snarast.

Fagområdet for stillinga er læringsmiljø- og utviklingsarbeid i skulen. Arbeidsoppgåvene for stillinga vil vere knytt til oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og senterinitierte oppgåver, samt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid relatert til aktuelle fagområde på lærarutdanningane ved UiS. Praksisretta arbeid relatert til forskingsprosjekt ved senteret kan også bli lagt til stillinga. Stillinga vil ha noko reiseverksemd.

Den som blir tilsett må ha mastergrad innan pedagogikk/spesialpedagogikk eller tilsvarande.

Den som blir tilsett må ha god kjennskap til norsk skule, gjerne med leiarerfaring. Erfaring frå praksisfeltet vil bli tillagt stor vekt. Søkjaren må kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Det vil vere eit krav at den tilsette har svært gode munnlege og skriftlege formidlingsevner, samt rettleiingsevner. Søknaden bør innehalde ein refleksjon over eigen undervisningskompetanse. Kompetanse i høve til utvikling av nettressursar og nettbasert formidlings- og/eller rettleiingsarbeid vil vere ein fordel.

Bruk av varierte undervisningsmetodar er eit satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må vere innstilt på å ta i bruk ulike undervisnings- og formidlingsmetodar, samt ulike digitale læringsressursar.

Universitetslektoren vil det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Arbeidsspråket vil normalt vere norsk. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett også har nødvendig kompetanse i engelsk, slik at ein kan lese internasjonal faglitteratur, kommunisere med internasjonale samarbeidspartar, eller halde føredrag på engelsk.

Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ, l.pl 17.510, kode 1009 for universitetslektor, LR 25, kr 421.800– 577.400 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønnsplassering bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtala gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar Tarja Tikkanen, tlf. 51831288/41314343, epost tarja.tikkanen@uis.no .

Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-rådgivar Kristine Nordbø Røgenes, tlf. 51833516, epost kristine.n.rogenes@uis.no .

Universitetet ønskjer å rekruttere fleire menn til undervisningsstillingar innanfor fagområdet. Dersom fleire søkjarar blir vurderte å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli stilt framfor ei kvinne.

Du må registrere søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet. Vitnemål, attestar og ev. annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn til, ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer. Dersom vedlegga overskrid 15 MB til saman, må dei komprimerast før det blir lasta opp.

Stillingsomtale

Tilsetjing gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultetet, Læringsmiljøsenteret, avdeling Stavanger.

Fagområdet for stillinga er pedagogikk/spesialpedagogikk eller tilsvarande, med arbeidsoppgåver retta mot læringsmiljø- og utviklingsarbeid innan skule. Det kan også vere aktuelt med noko undervisning, rettleiing og eksamensarbeid relatert til det aktuelle fagområdet på lærarutdanningane ved UiS. Utvikling av digitalt kompetanseutviklingsmateriell og nettressursar kan bli ein del av arbeidsoppgåvene. Formidling inn mot senterets målgrupper er ei sentral oppgåve.

Den som vert tilsett vil i samarbeid med kollegar kunne arbeide med å utvikle og rettleie skular i arbeid som kan betre det psykososiale læringsmiljøet for born og unge, samt ved behov bidra i oppgåver på tvers av senter, institutt og fakultet. Den som blir tilsett må ha god kjennskap til det norske utdanningssystemet og må ha erfaring frå skule, gjerne som leiar. Kjennskap til senteret si prosjekt- og oppdragsportefølje vil vere ein fordel. Senteret sitt oppdrag kan over tid endre seg, og den tilsette må vere villig til å setje seg inn i og arbeide mot andre områder innan utdanningsløpet.

Ved sida av formelle kvalifikasjonar og erfaring, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar, haldningar og sosiale ferdigheiter. Stillinga krev

- sjølvstende, integritet, evne til å vere strukturert i ein hektisk kvardag, evne til kreativ problemløysing, kritisk analytisk tenking, fleksibilitet, samt evne og vilje til fagleg nytenking,
- positiv veremåte, 
- god munnleg og skriftleg formidlingsevne,
- gode relasjonsferdigheiter og ferdigheiter innan nettverksbygging, samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Det vil vere noko reiseverksemd knytt til stillinga.

Universitetet legg vekt på god undervisningskvalitet og krev at den som skal ivareta undervisning har pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Pedagogisk kompetanse kan dokumenterast med vitnemål/kursbevis frå relevant formell pedagogisk utdanning knytt til høgare utdanning. Didaktisk kompetanse dokumentarast i form av variert didaktisk arbeid i høgare utdanning. Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse kan ein få ved å vende seg til fakultetet.

Opplysningar og materiale som det skal takast omsyn til i den sakkunnige vurderinga, må vere registert innan søknadsfristen. Eventuelle referansar skal det informerast om i søknaden eller på førespurnad.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Før det blir gjeve endeleg innstilling, blir kandidatane i tillegg bedne om å halde ei prøveførelesing. I tillegg til dei formelle kvalifikasjonane og relevant arbeidserfaring, vil det i den samla vurderinga av søkjarane òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 30.04.2017
Web: www.uis.no

Kontakt: Tarja Tikkanen (Senterleiar)
Telefon: 51831288 / 41314343
E-post: tarja.tikkanen@uis.no

Kontakt 2: Kristine Nordbø Røgenes (HR-rådgivar)
Telefon: 51833516
E-post: kristine.n.rogenes@uis.no