Universitetet i Stavanger (UiS)  - Førsteamanuensis/ førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/ spesialpedagogikk/ psykologi eller tilsvarande - Læringsmiljøsenteret avd. Porsgrunn

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 10.700 studentar og 1.560 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utforske det ukjente og utfordre det velkjente.

Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) er eit landsdekkjande senter med eit styre oppretta av Kunnskapsdepartementet. Forutan å vere ein del av Det humanistiske fakultet er senteret ein del av eit nettverk av elleve nasjonale sentre, lagt under Utdanningsdirektoratet. Læringsmiljøsenteret står nasjonale utdanningsstyresmakter bi i arbeidet med å realisere den nasjonale utdanningspolitikken innanfor ansvarsområdet sitt.Senteret arbeider med fagleg utvikling, forsking, utoverretta verksemd og relevant undervisning i tråd med fastsette mandat.Senteret har eit styre som øvste organ.Verksemda til senteret består av oppdrag gitt frå Utdanningsdirektoratet og eigeninitierte oppgåver innanfor forsking og utvikling, kompetanseutvikling i barnehagar og skular samt undervisning og rettleiing ved universitetet. Senteret har to avdelingar; ein i Stavanger og ein i Porsgrunn. Det er i dag 50 tilsette tilknytt senteret.

Førsteamanuensis/ førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/ spesialpedagogikk/ psykologi eller tilsvarande - Læringsmiljøsenteret avd. Porsgrunn

30.04.2017

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som førsteamanuensis/ førstelektor/universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi eller tilsvarande ved Det humanistiske fakultet ved Avdeling Porsgrunn og er ledig snarast.

Fagområdet for stillinga er læringsmiljø- og forsking/utviklingsarbeid i barnehage og/eller skule.

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til senterinitiert forsking- og utviklingsarbeid/oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, senterinitierte oppgåver, men også noko undervisning, rettleiing og eksamensarbeid relatert til aktuelle fagområde på lærarutdanningane ved UiS kan verte aktuelt. Praksisretta arbeid relatert til forskingsprosjekt ved senteret kan også bli lagt til stillinga. Stillinga vil ha noko reiseverksemd.

For tilsetjing som førsteamanuensis er det eit krav om doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor pedagogikk/spesialpedagogikk/psykologi eller tilsvarande innan fagområdet. For tilsetjing som førstelektor er det nødvendig med dokumentert omfattande forsking- og utviklingsarbeid, som i kvalitet og omfang utgjer arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling. Tilsette med førstekompetanse vil bli tillagt forskingstid. For tilsetjing som universitetslektor må ein ha hovudfag/mastergrad innanfor fagområdet.

Den som blir tilsett må ha god kjennskap til norsk barnehagesektor og/eller skule, gjerne med eiga erfaring frå praksisfeltet som tilsett eller leiar, pp-teneste eller liknande.  

Den som blir tilsett må også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i løpet av ein periode på to år frå tiltreding. Søknaden bør innehalde en refleksjon over egen undervisningskompetanse. Kompetanse i høve til utvikling av nettressursar og nettbasert formidlings- og/eller rettleiingsarbeid vil vere ein fordel.

Bruk av varierte undervisningsmetodar et eit satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må vere innstilt på å ta i bruk ulike metodar og ulike digitale læringsressursar. Førsteamanuensis skal det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Arbeidsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg, eller tileigne seg denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett også har nødvendig kompetanse i engelsk, slik at ein kan lese internasjonal faglitteratur, kommunisere med internasjonale samarbeidspartar, eller halde føredrag på engelsk.

Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ, l.pl 17.510, kode 1011/1198 for førsteamanuensis/førstelektor, LR 24, kr 498.000- 609.700 bto pr år, kode 1009 for universitetslektor, LR 25, kr 435.500 - 577.400. I særskilte tilfelle kan høgare lønnsplassering bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtala gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til Grete Marnburg, tlf 51833545, epost grete.marnburg@uis.no.

Universitetet ønskjer å rekruttere fleire menn til undervisningsstillingar innanfor fagområdet. Dersom fleire søkarar blir vurderte å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei ein mann bli stilt framfor ei kvinne.

Du må registrera søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet. Vitnemål, attestar, publikasjonsliste, inntil 15 publikasjonar og ev annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn, ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer. Dersom vedlegga overskrir 15 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Stillingsomtale

Tilsetjing gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultetet, Læringsmiljøsenteret, avdeling Porsgrunn.

Fagområdet for stillinga er pedagogikk/spesialpedagogikk eller tilsvarande, med arbeidsoppgåver retta mot læringsmiljø- og utviklingsarbeid innan barnehage og/eller skule. Det kan også vere aktuelt med noko undervisning, rettleiing og eksamensarbeid relatert til det aktuelle fagområdet på lærarutdanningane ved UiS. Utvikling av digitalt kompetanseutviklingsmateriell og nettressursar kan bli ein del av arbeidsoppgåvene. Formidling inn mot senterets målgrupper er ei sentral oppgåve. For førsteamanuensis og førstelektor vil det vere forskingsoppgåver i stillinga.

Den som vert tilsett vil i samarbeid med kollegar kunne arbeide med å utvikle og rettleie barnehagar og skular i arbeid som kan betre det psykososiale læringsmiljøet for born og unge, samt ved behov vere til hjelp med oppgåver på tvers av senter, institutt og fakultet. Den som blir tilsett må ha god kjennskap til det norske utdanningssystemet og må ha erfaring frå barnehage og/eller skule, gjerne som leiar. Kjennskap til senteret si prosjekt- og oppdragsportefølje vil vere ein fordel. Senteret sitt oppdrag kan over tid endre seg, og den tilsette må vere villig til å setje seg inn i og arbeide mot andre områder innan utdanningsløpet.

Ved sida av formelle kvalifikasjonar og erfaring, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar, haldningar og sosiale ferdigheiter. Stillinga krev

- sjølvstende, integritet, evne til å vere strukturert i ein hektisk kvardag, evne til kreativ problemløysing, kritisk analytisk tenking, fleksibilitet, samt evne og vilje til fagleg nytenking,
- positiv veremåte, 
- god munnleg og skriftleg formidlingsevne,
- gode relasjonsferdigheiter og ferdigheiter innan nettverksbygging, samt samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Det vil vere noko reiseverksemd knytt til stillinga.

Universitetet legg vekt på god undervisningskvalitet og krev at den som skal ivareta undervisning har pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Pedagogisk kompetanse kan dokumenterast med vitnemål/kursbevis frå relevant formell pedagogisk utdanning knytt til høgare utdanning. Didaktisk kompetanse dokumentarast i form av variert didaktisk arbeid i høgare utdanning. Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse kan ein få ved å vende seg til fakultetet.

Opplysningar og materiale som det skal takast omsyn til i den sakkunnige vurderinga, må vere registert innan søknadsfristen. Eventuelle referansar skal det informerast om i søknaden eller på førespurnad.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Før det blir gjeve endeleg innstilling, blir kandidatane i tillegg bedne om å halde ei prøveførelesing. I tillegg til dei formelle kvalifikasjonane og relevant arbeidserfaring, vil det i den samla vurderinga av søkjarane òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Førsteamanuensis i fast stilling kan, etter nærare fastsette reglar, søkje om kvalifikasjonsopprykk til professor.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 30.04.2017
Web: www.uis.no

Kontakt: Tarja Tikkanen (Senterleiar)
Telefon: 51833601 / 91378779
E-post: tarja.tikkanen@uis.no

Kontakt 2: Elin Ødegård (Avdelingsleder i Porsgrunn)
Telefon: 51833601 / 91378779
E-post: elin.odegard@uis.no