Universitetet i Bergen, (UiB) - Vitenskapelig assistent ved Centre for Research on Discretion and Paternalism

Vitenskapelig assistent ved Centre for Research on Discretion and Paternalism

Søknadsfrist: 27.10.2017

Det er ledig ei stilling som vitskapleg assistent ved det nyleg etablerte Centre for Research on Discretion and Paternalism ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Stillinga er for eit år, med mulegheit for ytterlegare eit år. Samla tilsetjingstid for denne stillinga kan ikkje overstige to år.

Forskingsprosjekta som ligg til senteret analyserer avgjerdspraksis innafor ulike velferdsstatar og barnevernssystem når staten grip inn i familien for å verne interessene til born. Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes og andre vitskaplege medarbeidarar ved senteret i deira forskingsverksemd. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og inkludere slik som å hjelpe i tilknyting til arbeid med: søknader om løyve for bruk av datamaterialet; koding av datamateriale; administrere surveyundersøkingar; hjelpe forskarane ved senteret med praktiske oppgåver; innhente tal- og statistisk materiale frå EU, OECD, SSB; gjere statistiske køyringar; organisere konferansar og seminar; gjennomføre litteratursøk; førefallande administrative oppgåver.

Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode, og vi søker ein person som har høge ambisjonar for forskinga og ynskjer seg ei karriere innan forsking.

Link til Center for Research on Discretion and Paternalism er her: http://www.discretion.uib.no/ . Sjå og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga som vil inngå i senteraktiviteten http://www.uib.no/nb/personer/Marit.Skivenes .

Kontakt prosjektleiar, professor Marit Skivenes for meir informasjon, epost: marit.skivenes@uib.no, eller tlf. 959 24 979.

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad i sosiologi, statsvitskap, økonomi, rettsvitskap, men og andre samfunnsvitskaplege fag vert vurdert. Graden må vere avlagt innan søkndsfristen
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentera gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitative og kvantitative, samt god kunnskap i bruk av statistiske analyseprogram som Stata eller SPSS.
  • Svært god språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg, krevjast
  • Gode språkkunnskapar i tysk og/eller spansk tel positivt
  • God administrativ IT - kompetanse, og ynskjeleg med erfaring med web-redigering
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat og arbeidserfaring frå forskingsprosjekt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Høg arbeidskapasitet
  • Sterk motivasjon for forskinga som gjeld feltet som Discretion-prosjektet omhandlar

Vi kan tilby

  •  Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 45- 47 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 27.10.2017

Søknaden skal merkast 17/12442

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Til informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på jobben

Søknadsfrist: 27.10.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Marit Skivenes (Prosjektleiar)
Telefon: 959 24 979
E-post: marit.skivenes@uib.no