Universitetet i Bergen, (UiB) - Tannhelsesekretær (vikariat)

Tannhelsesekretær (vikariat)

Søknadsfrist 6. august 2017

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig følgjande vikariatstillingar som tannhelsesekretær:

 

50 – 100 % vikariat til mai 2018

Arbeidsstad er for tida ved Pasientinnskrivingen og Hovedresepsjonen, men må rekne med å gjere teneste ved andre fagseksjonar/einingar.

Tannhelsesekretær vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.

 

Arbeidsoppgåver

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar og studentar
  • betene telefon
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • registrere og hente ut informasjon frå Opus, rettleiing av studentane i programmet
  • registrering/innskriving av pasientar

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

 

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar      

  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje 

Den som vert tilsett må vere flytande i norsk, både munnleg og skriftleg. Må vere serviceinnstilt, fleksibel, ansvarsmedviten og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Klinikkleiar Neshe Lie, telefon 55 58 66 30 og epost: neshe.lie@uib.no

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 30-42 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.8), for tida 333 300 – 386 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida: 

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 06.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Neshe Lie (Klinikkleiar)
Telefon: 55 58 66 30
E-post: neshe.lie@uib.no