Universitetet i Bergen, (UiB) - Studiesjef (seksjonssjef) - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Studiesjef (seksjonssjef) - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Søknadsfrist 5. mars 2018

Det samfunnsvitskaplege fakultet søkjer ein initiativrik og engasjert leiar for studieseksjonen som evnar å arbeide fokusert og målretta i spennet frå det strategiske til det operative.

Som studiesjef vil du jobbe med utdanningstilbodet innan samfunnsvitskaplege fag frå bachelornivå til ph.d.-nivå i eit spennande og utviklande miljø. Studiesjefen er dagleg leiar av studieseksjonen og har fakultetsdirektøren som næraste overordna. Studiesjefen inngår i den administrative leiargruppa på fakultetet og samarbeider tett med den faglege leiinga.

Studieseksjonen har ansvar for oppgåver knytt til koordinering, samordning på tvers av institutta, koordinering av informasjonssenteret og rettleiingstenester, forskarutdanning, internasjonalisering, studiekvalitet og studentrekruttering. Seksjonen har ei pådrivarrolle for studieadministrativt utviklingsarbeid på fakultetet. For meir informasjon om fakultetet og våre studieprogram sjå: http://www.uib.no/svf

Sentrale oppgåver:

  • personalansvar for medarbeidarane i seksjonen
  • resultatansvar for det studieadministrative feltet
  • dagleg drift og tilrettelegging for effektiv og kvalitetssikra sakshandsaming
  • samordne dei studieadministrative funksjonane ved fakultetet og sikre godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • bidra til å effektivisere dei studieadministrative arbeidsprosessane, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar
  • prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver, strategi- og planarbeid
  • rådgjeving i studieadministrative spørsmål
  • koordinere fakultetet sitt arbeid med læringsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • gode leiareigenskapar og relevant leiarerfaring
  • relevant praksis og utdanning på masternivå
  • god kjennskap til offentleg forvalting og universitets- og høgskulesystemet
  • erfaring frå studieadministrasjon og utgreiingsoppgåver på høgt nivå
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • god IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer ein seksjonsleiar som har:

  • god organisasjonsforståing og evne til å tenke heilheitleg og strategisk
  • ein motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog
  • evne til å ta initiativ, stimulere til endringar, finne løysingar og skape engasjement
  • evne til å leie prosessar med fokus på mål, framdrift og resultat
  • evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser
  • stor arbeidskapasitet og effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil

Vi kan tilby:

  • utviklande leiaroppgåver og gode moglegheiter til å vidareutvikle teamet og si eiga rolle som leiar
  • eit aktivt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • dyktige kollegaer
  • løn som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 66-74 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 579 300 – 673 800. For særskilt kvalifiserte kan ein vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Søknad:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida. Søknaden skal innehalde søknadsbrev som seier noko om din motivasjon for stillinga, cv, kopi av vitnemål og relevante attestar samt to referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknadsfrist: 5. mars 2018

Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt, e-post: Alette.Mykkeltvedt@uib.no, tlf: 55 58 90 66, mobil 411 20 404.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her:http://www.uib.no/poa/74251/tilsettingsprosessen.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 05.03.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Alette Gilhus Mykkeltvedt (Fakultetsdirektør)
Telefon: 55 58 90 66 / 411 20 404
E-post: Alette.Mykkeltvedt@uib.no