Universitetet i Bergen, (UiB) - Stipendiat i mikrobiell metagenomikk

Stipendiat i mikrobiell metagenomikk

Søknadsfrist 12. mars 2018

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i mikrobiell metagenomikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er knytt til K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

K. G. Jebsen-sentret representerer eit tverrfagleg miljø med forskarar og studentar frå både Institutt for geovitenskap og Instiutt for biovitenskap.  Det overordna målet med ph.d.-prosjektet er å kartleggje i detalj det funksjonelle mangfaldet til ukultiverte mikroorganismar i varmekjelder på havbotnen for å forstå deira utbreiing og rolle i mikrobiell biogeografi og biogeokjemiske syklusar. Prosjektet vil fokusere på dei aller beste teknikkane innan bioinformatikk i rekonstruksjon av mikrobielle genomer og deira plassering i livets tre ved å nytte fylogenomikk. Bruk av avanserte dataverktøy vil vere viktige for å stadfeste metabolsk funksjon for best å kunne undersøkja rollen og/eller den økologiske rollen på desse lite utforska mikrobioma. Hovudområdet for forskinga er varmekjelder på den arktiske midthavsryggen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i mikrobiologi, molekylærbiologi/genetikk eller bioinformatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumenterte ferdigheter i bioinformatikk og/eller innsikt om mikrobiell metabolisme er eit krav.
  • Erfaring med mikrobiell (meta)genomikk er ein føremon.
  • Erfaring med å jobbe i eit tverrfaglig miljø er ein føremon.
  • Tidligare deltaking på forskingstokt er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 12.03.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Ida Helene Steen
Telefon: +47 55588375
E-post: ida.steen@uib.no

Kontakt 2: Runar Stokke (Forskar)
Telefon: +47 55583861
E-post: runar.stokke@uib.no