Universitetet i Bergen, (UiB) - Stipendiat (Institutt for sosialantropologi)

Stipendiat (Institutt for sosialantropologi)

Søknadsfrist: 8. februar 2018

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat for 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med for tida 14 fast vitskapeleg tilsette, 2 postdoktorstipendiatar og nærare 25 PhD-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv forsking og feltarbeid i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt, bl.a. et ERC Advanced Grant prosjekt om egalitarianisme. For vidare detaljar visar vi til instituttet sine nettsider, http://www.uib.no/antro. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og PhD-nivå.

Stipendiatstillinga vert utlyst på eit fritt vitskapeleg grunnlag utan geografiske eller tematiske føringar, og søkarar vert oppmoda til å utforme eit originalt prosjektforslag som vender seg til aktuelle teoretiske agendaer i faget. Prosjektforslaget bør springe ut av eigne forskingsinteresser, og kan gjerne være ei vidareføring av eigne tidlegere studiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Du må vere sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju.

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 436.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar 

Prosjektet:

Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil to publikasjonar, ei av dei skal vere masteroppgåva
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Søknaden må merkas: 18/366

Søknadsfrist: 8. februar 2018

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ståle Knudsen, epost Stale.Knudsen@uib.no, eller tlf. 55 58 92 80.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Anita Helen Spurkeland, epost Anita.Spurkeland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 58.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-post: Hanne.Gravermoen@uib.no, eller tlf. 55 58 90 68.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på jobben

Søknadsfrist: 08.02.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Ståle Knudsen
Telefon: 55 58 92 80
E-post: Stale.Knudsen@uib.no

Kontakt 2: Anita Helen Spurkeland (Seniorkonsulent)
Telefon: 55 58 90 58
E-post: Anita.Spurkeland@uib.no