Universitetet i Bergen, (UiB) - Stipendiat (Institutt for sammenliknende politikk)

Stipendiat (Institutt for sammenliknende politikk)

Søknadsfrist: 5. februar 2017

Ved Institutt for samanliknande politikk, Det samfunnsvitskaplege fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat for fire år. 25 prosent av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Samanliknande politikk er eit spanande miljø for forsking og utdanning om politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Instituttet administrerer studieprogram i samanliknande politikk på bachelor- og masternivå, samt eit bachelorprogram i Europastudiar. Tilsette og studentar ved instituttet markerer seg godt i offentleg ordskifte. Tilsette deltek aktivt i nasjonal og internasjonal forsking. Den akademiske aktiviteten er organisert i tre forskingsgrupper: utfordringar i etablerte demokrati; demokrati og utvikling; og medborgarar, opinion og representasjon. The Digital Social Science Core Facility (DIGSSCORE), som er ein sentral del av Universitetet i Bergen si satsing på infrastruktur og digital samfunnsvitskap, er knytt til instituttet.

Det utlyste stipendet er forankra i det statsvitskaplege feltet samanliknande politikk. Instituttet vil vektlegge søknader som koplar seg opp mot forsking ved instituttet. Me rår difor søkjarane til å setje seg godt inn i forskingsprofilen ved instituttet når prosjektskildring vert utvikla (http://www.uib.no/sampol).

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i samanliknande politikk eller tilsvarande utdanning. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Du må vere sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere karakteren B, eller tilsvarande, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilheit.

Vi kan tilby

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 432 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode trenings- og velferdstilbod
  • Bergen – ein unik kulturby med fantastisk vestlandsnatur

Prosjektet

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge ved søknaden. Prosjektskildringa skal gjere tydeleg greie for tema, problemstillingar, teori, metode og data. Skildringa skal innehalde eit viktig spørsmål om den politiske verda og må kunne gi eit nytt bidrag til feltet. Skildringa skal og innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

 

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Opptak føreset fullført to-årig mastergrad og ei masteroppgåve. Mastergraden skal vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Widnes Gravermoen, epost: hanne.gravermoen@uib.no eller tlf. 55 58 8965.

Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Rettleiing for søkjarane til stipendiatstilling kan ein finna på websida http://www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/opptak-til-forskerutdanningen/stipendiatstillinger-ved-uib eller ved å vende seg til post@svfa.uib.no.

 

Instituttet legg til grunn at den som blir tilsett som stipendiat vil busette seg og arbeide i Bergen og elles delta i dei felles aktivitetane ved instituttet.

 

Søknaden må innehalde

  • Eit føljebrev med motivasjon for søknaden
  • Ei prosjektskildring
  • CV
  • Autoriserte kopiar av attestar og vitnemål
  • Namn på to referansar. Ein av referansane må være rettleiaren frå masteroppgåva
  • Ei liste over vitskaplege publikasjonar
  • Dei vitskaplege arbeida, inkludert masteroppgåva, som ein ynskjer skal leggjast til grunn for vurderinga. Desse arbeida skal lastast opp med søknaden
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad med vedlegg skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 5. februar 2017

Søknaden må merkast: 17/430

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Kortlista søkarar vil bli kalla inn til intervju.

 

Til informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Gunnar Grendstad, gunnar.grendstad@isp.uib.no, eller telefon 55 58 94 86

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Beathe Moldestad, epost: beathe.moldestad@svfa.uib.no eller tlf. 55 58 90 56.

Undervisningsspråket ved instituttet er skandinavisk og engelsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på jobben

Søknadsfrist: 05.02.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Gunnar Grendstad (Instituttleiar)
Telefon: 55 58 94 86
E-post: gunnar.grendstad@isp.uib.no

Kontakt 2: Beathe Moldestad (Rådgjevar)
Telefon: 55 58 90 56
E-post: beathe.moldestad@svfa.uib.no