Universitetet i Bergen, (UiB) - Stipendiat (4 år) i ernæring

Stipendiat (4 år) i ernæring

Søknadsfrist 14. august 2017

Ved Klinisk institutt 1 (K1) er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er finansiert av UiB er knytt til eit nytt forskingsprosjektet innan ernæring som er leia av professor Jutta Dierkes og professor Gunnar Mellgren.

Prosjekt og hovudoppgåver

Målet med hovudprosjektet er å studere effekt av under- og overernæring hos friske og sjuke mennesker.

Under rettleiing av hovud- og medrettleiarar og i tett samarbeid med andre forskarar innan ernæring vil stipendiaten ha i oppgåve å: 

  • Planleggje og gjennomføre kliniske og/eller eksperimentelle studiar
  • Gjennomføre biokjemiske og genetiske analysar
  • Presentere resultat både nasjonalt og internasjonalt

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Jutta Dierkes, epost: jutta.dierkes@uib.no: telefon 55577344 eller
  • Professor Gunnar Mellgren, epost: gunnar.mellgren@uib.no: telefon 55974366

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkar må ha fullført mastergrad innan klinisk ernæring med norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog.

I tilsetjinga vil det bli lagt vekt på personlige eigenskapar, og eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande vitskapleg prosjekt. Kunnskap innan biokjemi og molekylærbiologi inkludert genetikk, og erfaring med forsking på sjukdomsmekanismar vil vere ein føremon. Den som vert tilsett må både kunne arbeide sjølvstendig og godt saman med andre, samt ha evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt. Søkar må beherske engelsk flytende, både skriftlig og munnleg, og kjennskap til eit skandinavisk språk er ein føremon. 

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga  samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om godkjenning frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga.

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.

Som stipendiat ved Det medisinsk-odontologiske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma.

Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammetved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Dersom kandidaten nyleg har vore tilsett i en rekrutteringsposisjon vil tida for det engasjementet verta trekt frå den totale tilsetjingsperioden.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/lønnsramme 20.8) i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

  

Søknaden skal innehalde: 

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknad sendt på e-post vert ikkje vurdert.

Nærare om tilsettingsprosessen finnes her

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 14.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Jutta Dierkes
Telefon: 55577344
E-post: jutta.dierkes@uib.no

Kontakt 2: Professor Gunnar Mellgren
Telefon: 55974366
E-post: gunnar.mellgren@uib.no