Universitetet i Bergen, (UiB) - Stipendiat (3 år) i ernæring

Stipendiat (3 år) i ernæring

Søknadsfrist 20. august 2017

Ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (nevroradiologi), alternativt som  førsteamanuensis (20 %, bistilling) i 4 år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til hovudstilling som lege ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, kan ein finna lenger nede på denne sida.

Utfyllande opplysingar om stillingakan ein få ved å venda seg til:

  • Instituttleiar, professor Nils Erik Gilhus,tlf. 55975074 eller 930 876 19, epost: nils.gilhus@uib.no eller
  • Seksjonsleiar, professor Jarle Rørvik, tlf. 97598894, epost: jarle.rorvik@uib.no 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsette må ha norsk doktorgradi relevant fagområde ellertilsvarandekompetanse. Vedkomande må ha spesialisert kunnskap og erfaring i fagfeltet nevroradiologi. Konferer elles dei generelle kompetansekrava forvitskaplegestillingar vedDet medisinsk-odontologiske fakultet.

Detvil verte lagt vektpå erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Detvilvidareverte lagt vektpå dokumentertvilje og evne til samarbeid. Undervisingserfaring, undervisingsresultater, samt formell undervisningskompetanse skal det gjerast greie for i søknaden. Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

 

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 698 000 - 743 100  kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 1011/lønsramme 24.3-24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 507 100 - 535 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • 20 % bistillingar blir også medlemmar i SPK
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: 

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsette må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld forstillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● CV

● vitnemål

● attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Ein viser til "Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger".

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

STILLINGSOMTALE

Professor II/førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (nevroradiologi) vedKlinisk institutt 1, med arbeidsstad ved Haukeland universitetssjukehus

 

Ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 1, er det ledig eiåremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (nevroradiologi), alternativt som  førsteamanuensis (20 %, bistilling) i 4 år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til hovudstilling som lege ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

Den vitskaplege 20 % -stillinga i nevroradiologi vil ha hovudansvar for å planlegge undervisinga i dette fagfeltet i ny studieplan for medisin. Undervisinga skal gjennomførast i samarbeid med øvrige undervisingskrefter i fagmiljøet. Ein må ta del i rettleiing av studentar som gjennomfører særoppgåver, hovudoppgåver, samt forskerlina. Forsking er ein hovudoppgåve. Det er eit ønske om regelmessig publisering av vitskaplege resultat, rekruttering og rettleiing av ph.d. kandidatar, samt søknadar om konkurranseutsett forskingsfinansiering. Instituttet har ei rekke forskingsgrupper, og den som tilsetjast bør ha tilhøve til ei forskingsgruppe. Ein kan bli oppnemnt i ulike komitéar.

Hovudoppgåva for denne stillinga er forsking, undervisning og formidling innan nevroradiologi.

Dette er ynskjeleg at forskinga skjer i samarbeid med andre forskarar innanfor instituttet, i MedViz eller ved Universitetet i Bergen. Ein ber om at pågåande forsking vert dokumentert. Den tilsette pliktar til å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehus. Det er ynskjeleg at forskinga vert knytt opp mot prioriterte forskingsområde ved Det medisinske fakultet.

Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming av undervisninga i nevroradiologi i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan, og for undervisning av studentar. Det vert venta at ein tar ansvar for oppbygging av eit aktivt forskingsmiljø, og at ein legg fram plan for eiga forsking, med utgangspunkt i institusjonen sin forskingsstrategi.

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Det vil verte lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare bli lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Den som vert tilsett må rette seg etter det regelverket som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 20.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Nils Erik Gilhus (Instituttleiar)
Telefon: 55975074 eller 930 876 19
E-post: nils.gilhus@uib.no

Kontakt 2: Professor Jarle Rørvik (Seksjonsleiar)
Telefon: 97598894
E-post: jarle.rorvik@uib.no