Universitetet i Bergen, (UiB) - Stipendiat (2 x 100 %, mellombels) ved Klinisk institutt 2, Det medisinsk-odontologiske fakultet

Stipendiat (2 x 100 %, mellombels) ved Klinisk institutt 2, Det medisinsk-odontologiske fakultet

Søknadsfrist: 09.04.2017

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinsk-odontologiske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig to mellombelse stillingar som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år.

Stillingane er knytt til prosjektet ”Dissecting causal mechanisms of non-coding variants in metabolic disease”, finansiert av Noregs forskingsråd.

 

Prosjekt

Målet med prosjektet er å oppdage nye spesifikke cellulære mekanismar og molekylære mål i adipocyttar, som kan brukast for å førebygge og behandle av fedme-relatert sjukdom. Mot eit paradigme med «presisjonsmedisin» vil vi forsøke å forklare genetiske assosiasjonssignal med underliggande sjukdomsmekanismar, ved å kombinere ei rekke bioinformatiske og eksperimentelle metodar. Prosjektet vil fokusere på genetiske variantar, målgenar, «master regulators» og gennettverk som opererer i adipocyttar, knytt til det intraabdominale feittvevet som assosierer spesielt sterkt med metabolsk sjukdom.

 

Hovudoppgåver

Hovudmålet for stipendiaten er å eksperimentelt manipulere aktuelle genetiske variantar, master regulators og målgenar i human celler og dyremodellar, teste effektar av denne manipuleringa på relevante cellulære og fysiologiske funksjonar, og vidare kople desse effektane til kliniske data frå pasientkohortar/prospektive intervensjonsstudiar. Arbeidet vil utførast i eit forskingsmiljø med andre stipendiatar, masterstudentar og forskarar som arbeider med likande prosjekt.

Nærare opplysingar om stillingane kan ein få ved å kontakte førsteamanuensis Simon N. Dankel, tlf.: 94 30 86 37 eller epost: Simon.Dankel@uib.no

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • den som vert tilsett må ha fullført hovudfag eller ha anna relevant mastergrad, og bør ha erfaring med relevante forskingsprosjekt
  • i tilsetjinga vil det verte lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner, evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt, og evne til å arbeide sjølvstendig
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
  • søkjarar må ha ein sterk teoretisk bakgrunn i molekylær- og cellebiologi, genetikk, metabolisme og fysiologi, og bør ha kunnskap om adipocyttbiologi
  • søkjarar må også ha erfaring med molekylærbiologisk laboratoriearbeid, inkludert metodeutvikling og troubleshooting, og teknikkar som cellekultur, transfeksjon, rense RNA, PCR, qPCR, Western blotting, kloning, genmanipulering og andre relevante assay (som radioaktiv-assay, Seahorse XF, lipid staining, histologi, ELISA, EMSA, luciferase reporterassay).

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga  samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om godkjenning frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga.

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på

3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

 

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Dersom kandidaten nyleg har vore tilsett i en rekrutteringsposisjon vil tida for det engasjementet verta trekt frå den totale tilsetjingsperioden.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Vi kan tilby:

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/lønnsramme 20.8) i lønsregulativet til staten, for tida kr 432 700 for full stilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med gjennomført turnusteneste og søkjarar med minst eitt års tilsetjing i tannlegestilling lønssteg 52, for tida kr 446 900 for full stilling, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.15), for tida kr 494 800 for full stilling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk ved å klikke på knappen merka «Søk på stillingen».

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknad sendt på e-post vert ikkje vurdert.

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 09.04.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Førsteamanuensis Simon N. Dankel
Telefon: 94 30 86 37
E-post: Simon.Dankel@uib.no