Universitetet i Bergen, (UiB) - Sikkerhetsrådgjevar (Eiendomsavdelingen)

Sikkerhetsrådgjevar (Eiendomsavdelingen)

Søknadsfrist: 05.01.2017

bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygg med areal på i alt 377.000 m2, inkl. leige av 73.000 m2. Avdelinga har ca. 100 tilsette og forvaltar eit driftsbudsjett på ca. 400 mill. kr og eit investeringsbudsjett på ca. 200 mill. kr. Avdelinga er organisert i tre einingar - Prosjekt, Drift og Arealforvaltning, i tillegg til eigedomsdirektøren sin stab som også omfattar personal- og økonomifunksjonar. Bygningsmassen er lokalisert til Nygårdshøyden og Haukeland/Årstadvollen. 

Universitetet i Bergen søkjer ein erfaren sikkerhetsrådgjevar med gode kommunikasjonsevner og stor gjennomføringskraft. Stillinga er nyoppretta ved Eigedomsavdelinga ved UiB.

Sikkerhetsrådgjevar vil leie og koordinere arbeidet knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring. I dette ligg det å utføre sårbarhetsanalysar og tryggleiksrevisjonar, og å utarbeide prosedyrar innanfor ansvarsområdet i tråd med UiB sin overordna struktur og målsetting. Sikkerhetsrådgjevaren vil inngå i ei ressursgruppe som planlegg, koordinerer og følgjer opp tryggleiksarbeidet overfor einingane ved UiB. Ressursgruppa vil til dømes bestå av tilsette på Eiegedomsavdelinga, HR-avdelinga, HMS-seksjonen, bedriftshelsetenesta.

Arbeids- og ansvarsområde:

 

Knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring

  • Oppbygging og vedlikehald av tryggleikssystem
  • Gjennomføre risikokartleggingar
  • Oppdatere UiB sin tryggleiksstandard
  • Utarbeide og vedlikehalde tryggleikshandboka
  • Gjennomføre tryggleiksopplæring på alle nivå
  • Utarbeide kravspesifikasjonar og medverke i innkjøpsprosessar
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga

Saman med Eigedomsavdelinga og HR-avdelinga

  • Koordinere og kvalitetssikre tryggleiksarbeidet ved UiB
  • Følgje opp og medverke ved oppfølging av avvik
  • Gjennomføre tryggleiksrevisjonar og internkontroll på tryggleiksfeltet

 Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå. Det vert sett krav om mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Omfattande relevant fagadministrativ praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine funksjonar.
  • Dokumentert erfaring med tryggleiksleiing frå større verksemder
  • Gode formidlingseigenskapar både munnleg og skriftleg i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person med evne til å:

  • formidle problemstillingar og til å arbeide godt saman med kollegaer med forskjellig fagleg bakgrunn
  • skape engasjement
  • drive prosesser på tvers av organisasjonen
  • ha pragmatisk tilnærming til problemløysing og gode strategiske evner

Hos oss kan du forvente:

  • ei utfordrande stilling med brei kontaktflate mot heile organisasjonen
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • tilbod om fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanse- og leiarutvikling
  • lønn som seniorrådgjevar (stillingskode 1364), kroner 568 600 - 623 500 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdera høgare løn.
  • velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass:

 https://w3.uib.no/nb/eia/88612/eia-som-arbeidsplass#

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eigedomsdirektør Even Berge mobil 958 32 609, epost: even.berge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 05.01.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Even Berge (Eigedomsdirektør)
Telefon: 958 32 609
E-post: even.berge@uib.no