Universitetet i Bergen, (UiB) - Seniorkonsulent (studieseksjonen) ved Institutt for biomedisin

Seniorkonsulent (studieseksjonen) ved Institutt for biomedisin

Søknadsfrist 6. august 2017

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig ei 100 % fast stilling som seniorkonsulent ved studieseksjonen.

Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Institutt for biomedisin har ansvar for fakultetet sine basalmedisinske fagmiljø. Instituttet har om lag 170 tilsette og eit budsjett på om lag 130 mill. Instituttet har til ei kvar tid om lag 75 kandidatar i forskarutdanninga. Instituttet er lokalisert i Bygg for biologiske basalfag, som er eit moderne bygg med gode forskingsfasilitetar. Instituttet har sterke forskingsgrupper som driv forsking på høgt internasjonalt nivå og bidrar med undervisning til medisinstudiet, odontologistudiet, farmasistudiet, ernæringsstudiet og masterstudiet i medisinsk biologi. Til saman har instituttet ansvar for undervisinga til om lag 700 studentar. Arbeidsstad er Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91, Bergen.

Administrasjonen ved instituttet har ansvar for administrasjon av studieprogram, forsking, personell og økonomi. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt og praktisk tilretteleggingsarbeid for instituttets kursportefølje og studieprogram. Instituttet har eit særskilt ansvar for fakultetet sitt masterprogram i biomedisin.

Næraste leiar er leiar ved studieseksjonen ved instituttet.

Arbeidsoppgåver

  • hovudansvar for administrasjon av masterprogrammet i Biomedisin
  • opptak av nasjonale og internasjonale studentar
  • mottak og rettleiing/bistand underveis av masterstudentar, arbeid mot mastereksamen
  • kontakt med nettverksgruppe for masterprogram ved fakultetet
  • timeplanlegging og eksamensarbeid
  • teknisk tilrettelegging og deltaking på praktiske kurs
  • kvalitetsutvikling og oppfølging av studieplanar
  • rutineutvikling og kvalitetssikring
  • andre oppgåver vil bli tillagt stillinga

 

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha:

  • mastergrad innan eit av instituttets fagområde eller tilsvarande spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke.
  • erfaring i sakshandsaming
  • erfaring og kjennskap til elektroniske administrative verktøy
  • erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid
  • evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk 

Det er ønskeleg at søkjarar har:

  • relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • erfaring med og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til studieadministrativ arbeid (FS, Kanvas, Inspera, ePhorte og andre)
  • Kjennskap til, og forståing for dei ulike emna som undervises i ved instituttet vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar som vil verte vektlagde :

Vi søker deg som er sjølvstendig, positiv og tek initiativ. Det forventas at du både initierer og bidrar til utvikling av gode prosessar og samarbeid. Administrasjonen på instituttet har utfordringar knytt til å utvikle og støtte fagmiljøa, og du blir ein ressursperson for dei vitskapelege og ein viktig støttespiller for disponering av ressursar og den generelle aktiviteten på instituttet.

Da det vert lagt både administrativt- og teknisk arbeid til stillinga, må den som vert tilsett vere fleksibel, allsidig og like variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidssted.

Utfyllande opplysningar om stillinga og kvalifikasjonskrav kan ein få ved å vende seg til

  • Leiar ved studieseksjonen overingeniør Bianca Nygård, tlf.: 55586333 / 46543291 eller
  • Administrasjonssjef Janne Gotaas, tlf.: 55586322 / 98038834

 

Vi kan tilby

  • Eit godt arbeidsmiljø prega av variasjon i arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling.
  • Løn etter lønssteg 52-56 (kode 1363). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vertteken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 06.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Overingeniør Bianca Nygård (Leiar ved studieseksjonen)
Telefon: 55586333 / 46543291

Kontakt 2: Janne Gotaas (Administrasjonssjef)
Telefon: 55586322 / 98038834