Universitetet i Bergen, (UiB) - Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)

Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)

Søknadsfrist 25. januar 2018

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent innan studieadministrasjon.

Instituttet femner om eit vidt felt av geofaglege disiplinar. Instituttet har om lag 350 studentar fordelte på bachelor-, master- og ph.d.-utdanning. For meir informasjon om instituttet viser vi til http://www.uib.no/geo 

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Stillinga som seniorkonsulent inngår i ein instituttadministrasjon med 8 medarbeidarar som har administrasjonssjefen som næraste overordna.

Det er i dag 2,5 årsverk som saman har ansvar for studie- og undervisningsadministrative oppgåver ved instituttet. Studieadministrasjon ved GEO samarbeider tett med dei vitskapelege førelesarane og har elles eit tett samarbeid med studiepersonale både ved dei ulike institutta og ved fakultetsadministrasjonen.

Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver, i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

Administrativt ansvar for masterprogrammet i geovitskap og for den totale emneporteføljen ved instituttet. Dette inneber mellom anna

  • ansvar for administrering, koordinering, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sitt masterprogram, det vil seie
    • rekruttering og opptak til master
    • oppfølging av masterstudentar samt koordinering av uteksaminering
    • sakshandsaming innan studierelaterte saker, inkludert sakshandsaming med overordna/komplekse problemstillingar
    • innpassing av ekstern utdanning
    • studierettleiing og orienteringsmøter for studentar
    • informasjonsverksemd - utarbeiding av informasjonsmateriell inkludert webinformasjon
  • administrativ planlegging av emneundervisning og utarbeiding av undervisingsbudsjett i tett samarbeid med emneansvarlige
  • faglege utgreiingar, knytt til etablering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar, emne og læringsmiljø
  • arbeid med utvikling av tverrfaglege studieprogram
  • sekretær og saksførebuing for instituttet sitt programstyre
  • innkalle til og førebu saker til felles lærarmøter for alle undervisere ved instituttet, i tett samarbeid med programstyreleder 

Arbeidsoppgåver knytt til tilrettelegging for undervisning (inkludert timeplanlegging og eksamensarbeid) er lagt til ein annan medarbeidar i seksjonen.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå innan geovitskap, eller tilsvarande utdanning
  • Relevant praksis frå tilsvarande arbeidsoppgåver er eit krav
  • Kjennskap til og erfaring frå studieadministrativ arbeid frå Universitetet i Bergen er ein føremon
  • God administrativ IT-kompetanse og kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og UiB sine elektronisk portalar er ein føremon.

Personlege eigenskapar

Den som vert tilsatt må

  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel
  • vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
  • vere resultat- og løysningsorientert
  • vere serviceinnstilt
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha gode analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet

Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Språk - både skriftleg og munnleg

  • Begge målformer - nynorsk og bokmål
  • Engelsk

Vi kan tilby  

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø, og eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-60 (for tida 458 700 - 517 300) i det statlege lønsregulativet etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • kompetanse- og karriereutvikling
  • nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til fagleg utvikling
  • mentor for nytilsette
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod og medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadslån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordninger

Generell informasjon

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Instituttleiar Ingunn H. Thorseth, tlf. 55 58 34 28/e-post: ingunn.thorseth@uib.no eller
  • Administrasjonssjef Andrea Grimnes, tlf. 55 58 33 00 / 971 72 904 /e-post: andrea.grimnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 25.01.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Ingunn H. Thorseth (Instituttleiar)
Telefon: 55 58 34 28
E-post: ingunn.thorseth@uib.no

Kontakt 2: Andrea Grimnes (Administrasjonssjef)
Telefon: 55 58 33 00 / 971 72 904
E-post: andrea.grimnes@uib.no