Universitetet i Bergen, (UiB) - Senioringeniør (Institutt for biomedisin)

Senioringeniør (Institutt for biomedisin)

Søknadsfrist 5. januar 2018

Ved Institutt for Biomedisin er det ledig ei fast stilling som senioringeniør.

 

Stillinga er knytt til forskingsgruppa «Translasjonell cellesignalering og metabolisme». Forskingsgruppa arbeider med metabolisme og signaloverføring, med spesielt fokus på posttranslasjonelle modifikasjonar, og verknad på gentranskripsjon, levedyktigheita til celler og dynamisk cellestruktur.

Arbeidsoppgåver:

  • planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forsking på cellesignalisering og metabolisme. Både standard og avanserte metodar innan cellebiologi og molekylærbiologi trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene knytt til stillinga.
  • Spesielt vil det bli fokus på utvikling og bruk av metodar og strategiar tilpassa forsking på NAD metabolisme, ADP-ribosylering og NAD-avhengige signaliseringsvegar.
  • undervisning, inkludert rettleiing av studentar
  • bruk av administreringsverktøy for bestillingar (Basware), handtering av kjemikaliar (EcoOnline) etc.
  • ansvar for dagleg oppfølging av laboratorieaktivitetar.

Gitt at arbeidet er i universitetssektoren og inkluderer vitskapeleg arbeid vil arbeidsoppgåvene og eksperimentelle metodar variere og det er forventa at den som blir tilsett tileignar seg nye kunnskapar og metodar, til dømes etablering av avanserte metodar på laboratoriet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ph.d.-grad innan relevant fagområde (molekylærbiologi, biokjemi) .
  • Omfattande og relevant praksis er eit krav.
  • Arbeidserfaring med avanserte mikroskopimetodar (som konfokal laserskanning mikroskopi), protein reinsing og genetisk manipulering (som siRNA, CRISPR, generering av stabilt transfekterte cellelinjer, identifisering av spleisevariantar) trengs.
  • Erfaring med og ønske om å presentere vitskapelege resultat og skrive vitskapelege artiklar er også forventa.
  • Det er eit krav om erfaring med undervising og kan rettleia andre i laboratorie-oppgåver.
  • Det er ein føremon med gode datakunnskapar og erfaring med universitetet sine administrative system slik som Basware.
  • Den som vert tilsett bør ha erfaring med arkivsystemet Eco-online, og med HMT arbeid
  • Det vert satt krav om gode språkkunnskapar både i engelsk og norsk og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 499 600 - 535 900). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Mathias Ziegler, Institutt for Biomedisin 55 58 45 91

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillinga

Søknadsfrist: 05.01.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Mathias Ziegler (Instituttleiar)
Telefon: 55 58 45 91