Universitetet i Bergen, (UiB) - Seksjonsleiar applikasjonar

Seksjonsleiar applikasjonar

Søknadsfrist 23. juni 2017

Ved IT-avdelinga er det ledig ei stilling som leiar for Seksjon for applikasjonar.

Informasjonsteknologi blir stadig viktigare i universitets- og høgskulesektoren. Universitetet i Bergen har høge ambisjonar på området med sterk merksemd frå leiinga, og implementerer no ein digitaliseringsstrategi. Seksjon for applikasjonar er sentral i dette arbeidet med ansvar for utvikling, drift og forvaltning av ei rekke applikasjonar, system og databasar. Seksjonen har og ansvar for IT-arkitektur og integrasjonar.

Vi søker etter ny leiar for seksjonen med 25 tilsette. Seksjonen er ein del av IT-avdelinga som har om lag 100 tilsette. Seksjonen har ei stor portefølje av system slik at forenkling, automatisering og sanering er viktig for å lykkast. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk. Avdelinga nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar, DevOps og ulike smidige metodar i utvikling, drift og forvaltning. Vi nytter både open kildekode, kommersielle løysingar og ulik grad av skreddarsaum, og gjennomgåande er det ein aukande bruk av skytenester og skyteknologi.

Oppgåver:

  • Operativt leiarskap og ansvar for utviklinga av seksjonen.
  • Sørge for realisering av gode og framtidsretta IT-system i nært samarbeid med ulike oppdragsgivarar, system- og tenesteeigarar med stabil og effektiv drift og forvaltning.
  • Sørge for kontinuerlig forbetring med forenkling, automatisering og standardisering.
  • Delta i IT-avdelingas leiargruppe og bidra til utvikling av heile avdelinga med sikte på god samhandling og realisering av avdelingas oppdrag.
  • Sørge for god samhandling med UiBs organisasjon og andre i universitets- og høgskulesektoren.
  • Deltaking i lokale og nasjonale samarbeidsfora, styringsgrupper mv.

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

 

  • Leiarerfaring med ansvar for utvikling, drift og forvaltning av IT-system og applikasjonar.
  • Gode leiareigenskapar med kompetanse og røynsle innan operativ leiing, endringsleiing og leiing i grensesnitt mot andre.
  • Kompetanse og erfaring innan moderne drift og forvaltning av IT-system og applikasjonar.
  • Erfaring og dokumenterte resultat frå arbeid med kontinuerleg forbetring.
  • God gjennomførings- og leveranseevne.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Evne til god skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk.
  • Høgre utdanning (master) eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.

Sidan stillinga er utåtvend og det krevjast god samhandling med både interne og eksterne partar, vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjaren skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Ei spanande og viktig stilling i realisering av UiBs digitaliseringsstrategi.
  • Fast stilling i en sektor i endring med store moglegheiter for å påverke.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spanande prosjekt og prosessar.
  • Stillinga er plassert som sjefsingeniør (kode 1088) og lønna etter lønnssteg 70-82 (for tida kr 621 800 – 835 500) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdera høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar.

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til IT-direktør Tore Burheim, epost tore.burheim@uib.no, mobil 915 83 860.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søk denne stilling

Søknadsfrist: 23.06.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Tore Burheim (IT-direktør)
Telefon: 915 83 860
E-post: tore.burheim@uib.no