Universitetet i Bergen, (UiB) - Professor/førsteamanuensis i energiteknologi/prosessikkerheitseknologi

Professor/førsteamanuensis i energiteknologi/prosessikkerheitseknologi

Søknadsfrist 11. mars 2018

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som professor / førsteamanuensis i energiteknologi / prosessikkerheitsteknologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppa i energi, teori og prosessteknologi.

Det må gå fram av søknaden om ein søkjer stilling som professor eller førsteamanuensis.

Om instituttet

Institutt for fysikk og teknologi er eitt av åtte institutt under Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Til instituttet høyrer for tida 33 fast vitskapleg tilsette og 25 teknisk-administrativt tilsette. Instituttet har om lag 50 postdoktorar/stipendiatar, ca. 60 ph.d.-studentar og ca. 120 mastergradsstudentar.

Institutt for fysikk og teknologi gir undervising som leiar fram til gradane bachelor, master og Ph.D. Instituttet har ansvar for fire studieprogram til bachelor- og mastergraden: fysikk, havteknologi, petroleumsteknologi og prosessteknologi, og bidrar også i studieprogramma i nanovitskap og energi. Vidare er instituttet sterkt involvert i dei tre nyoppretta siv.ing.-programma ved MN-fakultetet: energiteknologi, medisinsk teknologi og havteknologi. For nærare omtale sjå: http://www.uib.no/ift

Stillingsomtale:

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn ein lenger nede på sida.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i prosessikkerheitsteknologi eller eit anna relevant fagfelt innan søknadsfristen er ute.
  • Søkjarar må ha erfaring frå numerisk og/eller eksperimentell forsking på turbulent strøyming og forbrenning relatert til tema som gasspreing, antenningsprosessar, brann, gass- og støveksplosjonar.
  • Det vert lagt vekt på industriell erfaring.
  • Det er forventa at den som vert tilsett har sterk forskingserfaring i emne relatert til prosessikkerheitsteknologi. Det er vidare forventa at den som vert tilsett kan initiere relevante forskingsprosjekt og drive forsking i samarbeid med relevante eksterne og interne forskingspartnarar. Dette inkluderer å definere master- og doktorgradsprosjekt, samt rettleiing av studentar innan forskingsfeltet.
  • Erfaring med og motivasjon for eksperimentell verksemd vil også bli vektlagt.
  • Søkjarar må dokumentere evne til å skaffe eksterne prosjektmidlar.
  • Det vert lagt vekt på erfaring i leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet og erfaring frå forskingsstrategisk arbeid.
  • Det vert lagt vekt på erfaring frå organisering av konferansar og seminar.
  • Søkjarar bør ha eit bredt nasjonalt og internasjonalt nettverk i det aktuelle fagfeltet.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning ̶  kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette kan til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Det er ein fordel om den som vert tilsett har pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 74-79 (kode 1013) tilsvaranda NOK 673 800 – 769 100 i statens lønsregulativ ved tilsetjing som professor. Løn etter lønssteg 64-72 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8) tilsvarande NOK 558 500 – 650 200 i statens lønsregulativ ved tilsetjing som førsteamanuensis. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • gode velferdsordningar.

Førsteamanuensar i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste.
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Øyvind Frette, tlf. (+47) 55 58 27 60, epost oyvind.frette@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Stillingsomtale  ̶  Stillinga sitt vitskaplege fokus

Bruk av ulike former for energi har spelt og spelar ei avgjerande rolle for samfunnsutviklinga, og dette vil etter alt å døme også vere tilfellet i framtida. Diverre fører bruk og omlaging av energi også med seg risiko for skade på menneske, industri, samfunn og miljø. Til dømes forårsakar brannar og eksplosjonar store materielle øydeleggingar, tap av liv og forureining. Noreg er internasjonalt leiande innan forsking på utslepp, brann og eksplosjon, blant anna som eit resultat av petroleumsnæringa. Dette dannar eit unikt utgangspunkt for vidare forsking, blant anna relatert til bruk av fornybare energikjelder, samt bruk av hydrogen som energiberar. Bruken av fornybare energikjelder er sterkt veksande og vil vere sentral for næringsutviklinga i åra framover.

Til denne sentrale nærings-, forskings- og utviklingsverksemda vart det hausten 2017 starta opp eit 5-årig integrert masterprogram (sivilingeniør) i energiteknologi, og den som vert tilsett vil vera sentral i instituttet sitt bidrag i dette programmet.

Instituttet er pådrivar for universitetet si satsing innan energi, og det er ein føresetnad at den tilsette professoren / førsteamanuensen tar aktivt del i den vidare satsinga i fagfeltet. Dette inkluderer også å ta ansvar for instituttet si deltaking i søknader om forskingssamarbeid innan prosessikkerheitsteknologi både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Eit døme på dette er det pågåande søknadsarbeidet der instituttet arbeider med å få eit Senter for Forskingsretta Innovasjon (SFI) tematisk relatert til prosessikkerheitsteknologi saman med partnarar frå industri- og instituttsektoren samt akademia.

Professoren / førsteamanuensen vil få særleg ansvar for undervisning, rettleiing og forsking innan prosessikkerheitsteknologi med vekt på turbulent strøyming og forbrenning relatert til tema som gasspreing, antenningsprosessar, brann, gass- og støveksplosjonar. Ved vurderinga vil ein og leggje vekt på dokumentert industriell erfaring relatert til fagfeltet.

Den som vert tilsett må kunne dokumentere omfattande faglege kvalifikasjonar innan vesentlege delar av fagområdet prosessikkerheitsteknologi. Ein vil leggje stor vekt på evne til å initiere og leie forskings- og utviklingsarbeid.

Den som får stillinga må ha evne til problemløysing og raskt å oppnå forskingsresultat, vere inkluderande og oppmuntrande i sitt arbeid med studentar, og aktivt bygge og pleie nye forskingskontaktar både internt ved instituttet og internasjonalt.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 11.03.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Øyvind Frette (Instituttleiar)
Telefon: (+47) 55 58 27 60
E-post: oyvind.frette@uib.no