Universitetet i Bergen, (UiB) - Professor II/førsteamanuensis (20 % bistilling)

Professor II/førsteamanuensis (20 % bistilling)

Søknadsfrist: 02.04.2017

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet er det ledig ei mellombels stilling som professor II (20 % bistilling) med oppgåver knytt til samordning av forskarutdanninga. Stillinga gjeld for ein periode på fire (4) år. Dersom det ikkje melder seg søkjarar som har professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis (20 % bistilling). Stillinga vert fagleg knytt til det institutt som er naturlig ut frå den tilsette sin forskingsprofil. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.

Fakultetet har over tid hatt ei stor auke i talet på doktorgradskandidatar, med over 90 avlagde doktorgrader kvart år. Dette stiller store krav til god organisering av forskarutdanninga ved fakultetet, samt krav til system for god fagleg og administrativ oppfølging av doktorgradskandidatane.

Fakultetet har etablert eit Programutval for forskarutdanninga med eigen leiarfunksjon (programutvalsleiar) for kvalitetssikring av kursdelen til forskarutdanninga. Forskarutdanninga ved fakultetet er organisert delvis gjennom forskarskular som fagmessig er etablert på eit institutt eller på tvers av fleire institutt.

Fakultetet ønskjer å rekruttere gode kandidatar til forskarutdanninga. Rekrutteringstiltaket Forskarlina vart etablert for medisinarstudentar i 2002. Frå og med 2010 er også odontologistudentane inkludert i eit koordinert opplegg mellom forsking og studiar for å kome tidleg i gang med ein forskarkarriere.

Den som vert tilsett vil saman med visedekan for forskarutdanning, leiar av Programutval for forskarutdanninga og leiar av Forskarlina, utgjere den faglege leiinga av forskarutdanninga ved fakultetet og vil saman med Forskingsseksjonen arbeide for kvalitetssikring og vidareutvikling av forskarutdanninga ved fakultetet.

Stillingsomtale mednærarepresisering av ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve somdet vert lagt vektpå ved tilsetjinga,kan ein finna lenger nedepådenne sida.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til visedekan Roland Jonsson, epost: roland.jonsson@uib.no, eller tlf.: 55 97 46 49.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • Det vil verte lagt vekt på erfaring i rettleiing av forskarrekruttar og koordinering av forskingsaktivitet, leiing av forskingsprosjekt, og røynsle frå forskingsstrategisk arbeid.
  • Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. 

Undervisingsspråket er til vanleg norsk, men kurs i forskarutdanninga føregår i all hovudsak på engelsk. 

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 72-75 (kode 9301), for tida kr 643 900 - 684 600 for full stilling, i lønsregulativet til staten. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 8028/lønsramme 24.3 - 24.6), for tida kr 503 800 - 535 900 for full stilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: 

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsette pliktar å ta deli undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utangodtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte verte vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

Legg ved elektronisk: 

●         CV

●         vitnemål og attestar

●         fullstendig publikasjonsliste

●         liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

●          ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

●         vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda. 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Stillingsomtale

 

Professor II/førsteamanuensis (20 % bistilling)

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, er det ledig ei mellombels stilling som professor II (20 % bistilling) knytt til samordning av forskarutdanninga. Stillinga gjeld for ein periode på fire (4) år. Om det ikkje melder seg søkjarar som har professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetta førsteamanuensis (20 % bistilling). Stillinga vert faglig knytt til det institutt som er naturlig ut frå den tilsette sin forskingsprofil. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.

Informasjon om forskarutdanninga kan ein finne på fakultetet sine internettsider: 

http://www.uib.no/mofa/63778/forskerutdanning-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet.

Den som vert tilsett i stillinga skal saman med visedekan for forskarutdanning ha ansvar for samordning og kvalitetssikring av forskarutdanninga.

Arbeidet krev motivasjon og entusiasme for forskarrekruttering, oppfølging og rettleiing av doktorgradskandidatar og interesse for utviklingsarbeid. Kjennskap til og interesse for fakultetet sitt forskarutdanningstilbod, ulike forskingsmiljø og ulike forskingsmetodar vil vere nyttig for å lukkast i stillinga.

Den som vert tilsett vil få ansvar for Grunnkurs i medisinsk og helsefagleg forsking, utvikling og kvalitetssikring av kursporteføljen i forskarutdanninga ved fakultetet, og utvikling av system for god fagleg oppfølging av doktorgradskandidatane.

Den som vert tilsett skal kunne halde fram med si eiga forsking knytt til det fagmiljøet og instituttet som er naturleg og ønskjeleg.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kurs i forskarutdanninga føregår i all hovudsak på engelsk. Det vert kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

 Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar er viktig ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:  

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisingskompendium og undervisingsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisingsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjingane går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillinga

Søknadsfrist: 02.04.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Roland Jonsson (Visedekan)
Telefon: 55 97 46 49
E-post: roland.jonsson@uib.no