Universitetet i Bergen, (UiB) - Postdoktor (Institutt for biomedisin)

Postdoktor (Institutt for biomedisin)

Søknadsfrist 4. februar 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei 100% stilling som postdoktor for ein periode på 3 år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Cellular Mechanisms for the Malignant Exploitation of the Altered Metabolic Landscape in Obese Hormone Receptor Negative Breast Cancer”, finansiert av Norges Forskingsråd.

Om prosjektet

Epidemiologiske studiar indikerer at fedme er ein signifikant drivar for utvikling og spreiing av kreft. Medan denne epidemiologiske forbindelsen er vel dokumentert, er utfordringa no å identifisere spesifikke cellulære og molekylære drivarar av fedme-forbundet kreft. Til dette føremål vil dette prosjekt anvende systemiske in vivoscreens i mus kombinert med validering i etablert BioBank-materiale.

Hovudoppgåver

Kandidaten vil vere hovudansvarleg for å drive prosjektet framover. Dette inkluderer bruk og utvikling av in vivo-baserte, loss-of-function screens (shRNA, CRISPR, CRISPRi) for å bestemme cellulære mekanismar for fedme induserte kreftformar i det funksjonelle tumor mikromiljøet.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Nils Halberg, epost: nils.halberg@uib.no, telefon: 5558 6442.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning innan system kreft biologi eller liknande system biologiske fag, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend.
  • Ideelt sett har kandidaten erfaring med enten in vivo eller in vitro-system baserte loss-of-function screens (både på laboratoriet og i medfølgjande bioinformatiske analysar)
  • Erfaring med handtering av mus er eit pluss, men ikkje eit krav
  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

  

Vi kan tilby

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø. Heimeside for laboratoriet: www.halberg-lab.com
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1) for tida kr 490 900, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 508 800, med spesialistutdanning lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 527 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Om postdoktor stillingar

Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

Slik søkjer du stillinga

Send søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf). 
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 04.02.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Nils Halberg
Telefon: 5558 6442
E-post: nils.halberg@uib.no