Universitetet i Bergen, (UiB) - Overingeniør (Institutt for biomedisin)

Overingeniør (Institutt for biomedisin)

Deadline Sunday, August 13, 2017

Ved Institutt for biomedisin er det ledig ei fast 100 % stilling som overingeniør. Stillinga er knytt til Neurotargeting forskingsgruppe.

Neurotargeting forskingsgruppe utfører molekylær, cellulær og genetisk basalforsking med særleg vekt på regulatoriske protein i nervesystemet. Ei av målsetjingane med prosjektet er å identifisere nye behandlingsmål ved nevrologiske og psykiatriske lidingar. Gruppa har særleg ekspertise i proteinkjemi og strukturbiologi og er involvert i mange nasjonale og internasjonale samarbeidsprosjekt. For å lese meir kan ein sjå her; http://www.uib.no/fg/neurotarg"

 

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåver for stillinga vil vere leiing og organisering av laboratoriet og laboratorieoppgåver innan molekylærbiologi, cellebiologi og biokjemi, med spesiell vekt på proteinkjemi i samband med ulike forskingsprosjekt. Dette omfattar mellom anna dyreforsøk, cellekultur, genteknologiarbeid, ekspresjon av rekombinante protein i bakteriar og eukaryote celler, proteinreinsing og karakterisering, proteinkrystallisering, væskekromatografi og elektroforese. Oppgåver inkluderer og vedlikehald av laboratorieutstyr og innkjøp og registrering av utstyr og kjemikaliar.

Andre førefallande oppgåver kan leggjast til stillinga.

Rettleiing og samarbeid med studentar og tilsette er viktig. Overingeniøren vil gje opplæring i HMT knytt til arbeidet ved laboratoriet for studentar og tilsette.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må normalt ha utdanning på mastergrad i cellebiologi/molekylærbiologi. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med genteknologi, ekspresjon av rekombinante protein og væskekromatografi er ein føremon.
  • Erfaring med eukaryote celler/ cellekultur er ein føremon.
  • Erfaring med dyreforsøk og godkjent kurs i dyreforsøk er ein føremon.
  • Erfaring frå studiar av metabolittar (metabolomics) er ein føremon.
  • Erfaring frå arbeid med ioniserenda stråling er ein føremon.
  • Erfaring med program for kjemikalieregistrering (FileMaker og ECOonline) og HMT kurs er ein føremon.
  • Det blir satt krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg (skandinavisk språk og engelsk).
  • Må kunne arbeide og planlegge arbeidet sjølvstendig, strukturert og systematisk, men og ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
  • Må vere fleksibel og ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • Leiareigenskaper og administrativ kompetanse vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 454 700 - 489 300). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Jan Haavik, telefon 55586432 epost: jan.haavik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 13.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Jan Haavik
Telefon: 55586432
E-post: jan.haavik@uib.no