Universitetet i Bergen, (UiB) - Instruktørtannlege/instruktørtannpleiar (70 % mellombels)

Instruktørtannlege/instruktørtannpleiar (70 % mellombels)

Søknadsfrist 6. august 2017

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for førebyggande tannhelse er det ledig ei mellombels 70 % stilling  som  instruktørtannlege/-instruktørtannpleiar i 9 månadar med tilsetjing så snart som mogleg. Det kan også verte aktuelt å dele opp stillinga.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere rettleiing av studentane under arbeid med pasientar i klinikken.

Arbeidsdagar:

Måndag, tysdag, onsdag ettermiddag (2. økt) og fredag.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege/tannpleiar og relevant klinisk erfaring. Erfaring med undervising av studentar og pedagogisk utdanning er ønskjeleg. Det vil verte lagt vekt på at den som vert tilsett samtidig uføre klinisk arbeid i anna tenestetilhøve.

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

For instruktørtannlegar gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen. 

http://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Vi kan tilby

  • eit godt fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • instruktørtannlege (kode 1015) er lønt i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar, alternativt kode 1353 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse. Instruktørtannpleiar er lønt etter lønssteg 36/47 etter tenesteansiennitet. Kode 1032 (LR15) for søkjarar med 2-årig tannpleiarutdanning, og kode 1533 (LR15) for søkjarar med bachelorgrad som tannpleiar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva UiB kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:  

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med nedsett funksjonsevne og pesonar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje bli vurderte.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 06.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Gro Stenerud (Overtannpleiar)
Telefon: 55 58 62 46 / 90123221
E-post: gro.stenerud@uib.no

Kontakt 2: Kristin Klock (Seksjonsleiar)
Telefon: 55 58 65 96
E-post: kristin.klock@uib.no