Universitetet i Bergen, (UiB) - Instruktørtannlege (20 %, vikariat)

Department of Clinical Dentistry

Instruktørtannlege (20 %, vikariat)

Deadline 2/5/2017

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit 20 % vikariat med tilsetjing snarast mogleg til 31.12.2017 som instruktørtannlege med arbeidsplass for tida ved Seksjon for førebyggande tannhelse. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.

Den som vert tilsett må rekne med og gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatane og studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mulig å delta i faglege fora.

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk autorisasjon på tilsetjingsdato. Det er ønskeleg med erfaring frå allmenn praksis og undervisnings– eller rettleiingsserfaring.

Den som vert tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga av søkjarane vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen. 

http://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til overtannpleiar Gro Stenerud, tlf.: 55 58 62 46, epost: Gro.Stenerud@uib.no

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som instruktørtannlege (kode 1015) i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 494 800 – 577 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknad:

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknader som blir sendt på e-post vil ikkje bli vurderte.

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 05.02.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Gro Stenerud (Overtannpleiar)
Telefon: 55 58 62 46
E-post: Gro.Stenerud@uib.no