Universitetet i Bergen, (UiB) - Gruppekoordinator (seniorrådgiver) for utdanning ved Fakultet for kunst, musikk og design

Gruppekoordinator (seniorrådgiver) for utdanning ved Fakultet for kunst, musikk og design

Søknadsfrist: 10.08.2017

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar i Seksjon for støtte til utdanning, forsking og formidling. Til stillinga ligg ansvar for å koordinere arbeidet i Gruppe for støtte til utdanning og vere arbeidsleiar for medarbeidarar med studieadministrative oppgåver. 

Arbeidsoppgåver:

• samordne dei studieadministrative funksjonane ved KMD 
• koordinere dei studieadministrative arbeidsprosessane
• ansvar for rutineutvikling og kvalitetssikringsarbeid
• koordinere KMD sitt arbeid med læringsmiljø
• koordinere etter- og vidareutdanning
• sekretærfunksjon for KMD sitt utdanningsutval

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne bli endra som følgje av utvikling og organisering av fakultetet. Den som har stillinga skal rapportere til assisterande fakultetsdirektør.

Kvalifikasjonskrav:

• søkjarar må ha mastergrad. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og 
 vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
• brei røynsle innan administrasjon, fortrinnsvis studieadministrasjon.
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
• god IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar: 

• initiativrik og fleksibel 
• evne og vilje til å bygge gode relasjonar 
• systematisk og sjølvstendig
• god evne til kommunikasjon og samarbeid
• ein lagspelar med evne til å sjå moglegheiter og finne løysingar
• stor arbeidskapasitet

 Vi tilbyr:

• utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og  personleg utvikling 
• stillinga er løna etter lønssteg 64-74 (kode 1364). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
• eit aktivt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
• medlemskap i Statens pensjonskasse
• stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Konstituert assisterande fakultetsdirektør Kari Bjørgo Johnsen, kari.johnsen@uib.no, 456 61 805.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert  oppmoda om å søkje stillinga.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 10.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Kari Bjørgo Johnsen (Konstituert assisterande fakultetsdirektør)
Telefon: 456 61 805
E-post: kari.johnsen@uib.no