Universitetet i Bergen, (UiB) - Forskar i paleoklima/klimadynamikk

Forskar i paleoklima/klimadynamikk

Søknadsfrist: 7. april 2017

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som forskar i paleoklima/klimadynamikk. Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til ice2ice-prosjektet, finansiert av eit ERC Synergy Grant.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett skal arbeide med å utvikle aldersmodellar for sedimentkjernar i dei nordiske hav basert på tefraundersøkingar, og arbeide med paleoklimatiske rekonstruksjonar frå marine kjernar og iskjernar basert på aldersmodellane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geofag, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med geokjemiske analyser av tefra i marine sedimentkjernar og kunnskap om marine proksymetodar er ei føresetnad.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Vi kan tilby

  • eit internasjonalt, breitt, godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 7. april 2017

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Eystein Jansen, eystein.jansen@uib.no, tlf.: 55 58 34 91

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 07.04.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Eystein Jansen
Telefon: 55 58 34 91
E-post: eystein.jansen@uib.no