Universitetet i Bergen, (UiB) - Forskar i molekylærbiologi og biokjemi

Forskar i molekylærbiologi og biokjemi

Søknadsfrist: 7. juni 2017

Ved Molekylærbiologisk institutt er det ledig ei stilling som forskar i biokjemi for legemiddelutvikling for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til prosjektet «Novel drug candidates for Chronic Obstructive Pulmonary Disease treatment», som er finansiert av BIOTEK2021 optimaliseringsprogrammet til forskingsrådet. Prosjektet blir leia av professor Nathalie Reuter ved Molekylærbiologisk institutt og Computational Biology Unit ved Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til professor Nathalie Reuter si forskingsgruppe og professor Tomas Eagan si gruppe ved Lungeavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus. Det overordna prosjektet er eit samarbeid mellom forskingsgrupper i organisk kjemi, molekylærbiologi, molekylmodellering og klinisk forsking der hovudmålet er å optimalisere organiske sambindingar og evaluere deira potensial som legemiddel for behandling av KOLS. Den som vert tilsett, vil ha ansvar for biokjemiske assays av potensielle hemmarar for to enzym. Vedkommande vil òg jobbe med titrering av enzyma i biologisk material.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor molekylærbiologi eller biokjemi innan søknadsfristen er ute
  • erfaring frå enzym assays, inkl. utprøving av organiske enzymhemmere er eit krav
  • erfaring med ELISA assays er eit krav
  • erfaring med utprøving på biologisk materiell er ein føremon
  • erfaring med proteaser er ein føremon, og det same gjeld erfaring med fluorogenic assays
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • erfaring frå arbeid i tverrfaglege prosjekt vil vere ein føremon
  • gode engelsk skriftleg og munnleg

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 7. juni 2017

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Prof. Nathalie Reuter, Computational Biology Unit og Institutt for Molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen, epost: nathalie.reuter@cbu.uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 07.06.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Prof. Nathalie Reuter
E-post: nathalie.reuter@cbu.uib.no