Universitetet i Bergen, (UiB) - Førsteamanuensis/universitetslektor i klinisk psykologi (vikariat)

Førsteamanuensis/universitetslektor i klinisk psykologi (vikariat)

Søknadsfrist: 03.09.2017

Ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis/universitetslektor i klinisk psykologi i perioden 25.09.17 – 25.09.18.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Instituttet har ansvar for forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlag for psykologars yrkesutøving i helsevesenet, både innanfor spesialisthelseteneste, førstelinje og lavterskeltilbod. Instituttet sin forsking og kompetanse omfattar utredning og behandling av et breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda av evidensbasert psykologisk behandling

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til undervising og forsking/fagutvikling ved Institutt for klinisk psykologi, og konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: 

  • emneansvar og undervising i klinisk psykologi generelt og klinisk helsepsykologi spesifikt
  • rettleiing av studentar innanfor intern-klinisk opplæring og deltaking i klinikkmøter og staffar
  • oppgåverettleiing og sensur på instituttets undervisingsemner

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • den som vert tilsett som førsteamanuensis må fortrinnsvis ha disputert i psykologi eller tilsvarande, men om det ikkje er søkjerar med desse kvalifikasjonane vil kravet verte å ha ferdigstilt og bestått profesjonsutdanning i psykologi. 
  • vedkommande må ha kompetanse innan klinisk psykologi, og det er eit føremon med særskilt kompetanse innanfor klinisk helsepsykologi og bruk av klinisk-psykologisk kunnskap innan primærhelsetenesta
  • må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • det er ein føremon med pedagogisk basisutdanning
  • det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstartsdato

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • for førsteamanuensis vil løn vere etter lønssteg 60 – 68 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 4 -8) etter hovudavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer ei årsløn på kr 512 700- 598 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • for universitetslektor vil løn vere etter lønssteg 50 – 58 (kode 1009/lønsramme 25, alternativ 4 – 8) etter hovudavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer ei årsløn på 432 700 – 498 000. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10 vedlegg)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden jf siste kulepunkt.

Rangerte søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 03.09.2017

Søknaden skal merkast: 17/9518

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

instituttleiar/professor Åsa Hammar

epost: aasa.hammar@uib.no

tlf.: +47 55 58 62 12

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 03.09.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Åsa Hammar (Instituttleiar)
Telefon: +47 55 58 62 12
E-post: aasa.hammar@uib.no