Universitetet i Bergen, (UiB) - Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (indremedisin) ved Klinisk institutt 2, med arbeidsstad ved Stavanger universitetssjukehus

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (indremedisin) ved Klinisk institutt 2, med arbeidsstad ved Stavanger universitetssjukehus

Søknadsfrist: 13.08.2017

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (indremedisin) for ein periode på fem (5) år. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minst 50 %) som lege ved Medisinsk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus og berre leger tilsett ved dette sjukehuset kan søkje stillinga. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

 

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Stillinga skal vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet.
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte instituttleiar, professor Per Bakke, tlf.: 55 97 32 25/992 04 032, epost: Per.Bakke@uib.no 

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • Det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Den som vert tilsett skal undervise i indremedisin for medisinske studentar som er på utplassering frå Universitetet i Bergen

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 1011/lønsramme 24.3-24.6), for tida 507 100 - 535 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: 

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

●         CV

●         vitnemål

●         attestar

●         fullstendig publikasjonsliste

●         liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

●          ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

●         vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 for førsteamanuensis) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 13.08.2017

 

Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (indremedisin) for ein periode på fem (5) år. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minst 50 %) som lege ved Medisinsk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus og berre leger tilsett ved dette sjukehuset kan søkje stillinga. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

Hovudoppgåva for denne stillinga er undervisning, forsking og formidling innan indremedisin for medisinske studentar som er på utplassering frå Universitetet i Bergen .

Dette er ønskjeleg at forskinga skjer i samarbeid med andre forskarar innanfor instituttet. Ein ber om at pågåande forsking vert dokumentert. Den tilsette pliktar til å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehus. Det er ønskjeleg at forskinga vert knytt opp mot prioriterte forskingsområde ved Det medisinske fakultet.

Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming av undervisninga i indremedisin i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan, og for undervisning av studentar. Det vert venta at ein tar ansvar for oppbygging av eit aktivt forskingsmiljø, og at ein legg fram plan for eiga forsking, med utgangspunkt i institusjonen sin forskingsstrategi.

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, og erfaring med populærvitskapleg formidling.

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Det vil verte lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Den som vert tilsett må rette seg etter det regelverket som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 13.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Per Bakke (Instituttleiar)
Telefon: 55 97 32 25 9 92 04 032
E-post: Per.Bakke@uib.no