Universitetet i Bergen, (UiB) - Førsteamanuensis (20 % bistilling) i gastrokirurgi

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i gastrokirurgi

Søknadsfrist 20. august 2017

Ved Universiteteti Bergen, Klinisk institutt 1, erdet ledig ei åremålsstillingsomførsteamanuensis II (20 %, bistilling) i fire (4) år. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling som lege ved Kirurgisk klinikk, Avdeling for gastro- og akuttkirurgi, Haukeland universitetssjukehus.

Undervising er ei hovudoppgåva. Den som vert tilsett, skal i tillegg til eige undervising sjå til at den samla undervisinga i kirurgi for profesjonsstudentar i medisin er tilfredsstillande, og ha eit ansvar for allmenn kirurgi saman med øvrige tilsette. Stillinga har og som ein oppgåve å drive relevant forsking samt rekruttere nye forskarar.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, kan ein finna lenger nede på denne sida.

Utfyllande opplysingar om stillingakan ein få ved å venda seg til instituttleiar, professor Nils Erik Gilhus, Klinisk Institutt 1, tlf. 5597 50 74 eller 930 876 19, epost: nils.gilhus@uib.no

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett, må ha norsk doktorgradi medisin eller tilsvarandekompetanse. Den må og ha god klinisk kompetanse i gastrokirurgi og akuttkirurgi. Detvilverte lagt vektpå dokumentertvilje og evne til samarbeid. Undervisingsspråket er norsk.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 1011/lønsramme 24.3-24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 507 100 - 535 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • 20 % bistillingar blir også medlemmar i SPK
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Retningsliner

Den som vert tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utangodtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergennyttar utvida offentlegdokumentinnsyn vedtilsetjingivitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjarenkan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda omikkjeå bli førtpå søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsette må rette seg etterdei retningslinene som til kvar tid gjeld forstillinga.

Søknad

Slik søkjerdu stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● CV

● vitnemål

●attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimum 10)

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen for ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Ein viser til "Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger".

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Stillingsomtale

Førsteamanuensis (20% bistilling) i gastrokirurgi ved Klinisk institutt 1, arbeidsstad ved Haukeland Universitetssjukehus

VedUniversiteteti Bergen, Klinisk institutt 1, erdet ledig ei åremålsstillingsomførsteamanuensis II (20 %, bistilling)i fire (4) år.Bistillinga er knytt til fast hovudstilling som lege ved Kirurgisk klinikk, Avdeling for gastro- og akuttkirurgi, Haukeland universitetssjukehus.

Hovudoppgåve er undervisning og forsking i gastrokirurgi.

Undervising

Søkjar må vera interessert i studentundervisning. Det medisinske fakultet har ansvar for utdanning av studentar innan medisin, odontologi, farmasi, ernæring og helsefag. Undervising av studentar i andre fag enn medisin er aktuelt. Den som vert tilsett, skal delta og vidareutvikle undervisninga i gastrokirurgi og delta i eksamensavvikling.

Forsking

Det er eit krav at den som vert tilsett har forskingserfaring og at forskinga skjer i samarbeid med andre forskarar innanfor klinikken, instituttet eller Universitetet i Bergen. Pågåande forsking bes dokumentert. Den tilsette pliktar å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehus.

Retningsliner

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Vidare blir det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Den tilsette kan bli pålagt å delta i universitetets styringsorgan, komitear og anna arbeid.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar er viktig ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av: 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisingskompendium og undervisingsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisingsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Det vil verte lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare bli lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Den som vert tilsett må rette seg etter det regelverket som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar.

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 20.08.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Nils Erik Gilhus (Instituttleiar)
Telefon: 5597 50 74 / 930 876 19
E-post: nils.gilhus@uib.no