Universitetet i Bergen, (UiB) - Avdelingsingeniør ved Institutt for biomedisin

Avdelingsingeniør ved Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 09.04.2017

Ved Institutt for Biomedisin er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsingeniør, knytt til forskingsgruppa CellNet.

For meir opplysningar om CellNet, sjå:

http://www.uib.no/rg/cellnet

 

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking.
  • Arbeidsoppgåvene inkluderer heile spekteret av forskingsgruppa sine aktivitetar frå celle- og molekylærbiologi til arbeid med forsøksdyr.
  • Den som vert tilsett vil ha ansvarsområder innanfor viktige basisfunksjoner for drifta ved laboratoriet, inkludert sikkerhetsrutinar, innkjøp, avfallshandtering, opplæring, og oppsyn med instrument og laboratorieareal.
  • Arbeidsoppgåvene inkluderer tilrettelegging og utføring av eksperimentelle metodar knyta til forskingsgruppa sine prosjekter.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må normalt ha utdanning på minimum mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis er eit krav. Dette inkluderer kompetanse og erfaring som omfattar arbeids- og ansvarsoppgåvene ved eit forskingslaboratorium innan biokjemi, molekylærbiologi og cellebiologi.
  • Kunnskap og erfaring innan sentrale eksperimentelle metodar vil verte vektlagt, inkludert elektroforese, western blot, immunfarging, plasmidrensing, mikroskopering (vanlig og fluorescence), sterilteknikk og celledyrking, transfeksjon og flowcytometri.
  • Kunnskap og erfaring innan generelle driftsområder vil verte vektlagt, inkludert bestilling av utstyr og kjemikaliar, kjemikalieregistrering, avfallshandtering, opplæring, samt oppsyn med generelt laboratorieutstyr, og apparatur som vannbad, CO2-inkubatorer, LAF-benk og sentrifuger.
  • Felasa C sertifikat er ein føremon for arbeidet. Dersom den som vert tilsett ikkje har dette frå før, vil han/hun få opplæring og må ta sertifikatet innan kort tid etter tilsetjing.
  • Må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. Dokumentert evne til sjølvstendig, målretta og effektivt arbeide, og gode evner og vilje til kommunikasjon og samarbeid er eit krav.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) i lønssteg 47-52 (for tida 412 600 – 449 800).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Karl Johan Tronstad, Institutt for Biomedisin, tlf.: 55 58 64 33, email: karl.tronstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 09.04.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Karl Johan Tronstad
Telefon: 55 58 64 33
E-post: karl.tronstad@uib.no