Universitetet i Bergen, (UiB) - Administrasjonsmedarbeidar - vikariatstilling (konsulent, kode 1065) ved Sarssenteret

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen.

Administrasjonsmedarbeidar - vikariatstilling (konsulent, kode 1065) ved Sarssenteret

Søknadsfrist: 31. januar 2018

Ei vikariatstilling som konsulent, kode 1065 er ledig i Sarssenteret sin administrasjon frå februar 2018 og er i utgangspunktet tilgjengeleg for eit år. Stillinga er ei av 5 stillingar som gjer administrativ støtte til Sars sine 45 vitskapelege og 15 tekniske tilsette. Senteret har dessutan fleire gjesteforskarar, deriblant studentar frå utanlandske universitet. Dei fleste av dagens tilsette ved Sarssenteret er ikkje-norske, og engelsk er hovudarbeidsspråket ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Betjening av resepsjon inkludert telefonekspedisjon, postbehandling og leveransar, hjelpe nye tilsette/gjester med nøklar og ID-kort, handtere rombestillingar og gi generell administrativ støtte
  • Administrere innkommende og utgående korrespondanse ved bruk av ePhorte
  • Bestillinger, behandling av fakturaer og refusjoner for tilsette og gjester, reiseregninger og reiseforskott
  • Registrering av senteret sine forskningsresultat i Cristin
  • Ansvar for noko fellesutstyr og fellesrom  
  • Ytterligare administrative støttefunksjoner kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Bachelorgrad innan administrasjon eller anna relevant fagområde. Long og relevant arbeidserfaring kan i nokon tilfelle kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant arbeidserfaring innan administrasjon
  • Kunnskap om administrative IKT-verktøy som nyttast ved UiB, erfaring med bruk av ePhorte og Cristin er eit føremon
  • Flytande munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne (både i engelsk og norsk)

Personlege eigeskaper:

  • Som senteret sitt andlet ut, må du ha evne til å skape eit positivt fyrsteinntrykk, vere serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk og å prioritere arbeidsoppgåver
  • Evne til å kommunisere, samhandle og arbeide effektivt og samarbeidsvillig med menneskjer med ulike nasjonaliteter og ulike utdanningsbakgrunnar

Ved evaluering av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynt for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som konsulent (kode 1065/LR17, alt. 8) etter lønnssteg 38-49 etter ansiennitet og kvalifikasjonar, for tida utgjer dette frå kr 366.400-430.100.
  • Medlem i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdstilbod

Søknad på engelsk eller norsk:

Send søknad elektronisk via JobbNorge «Søk stillingen».

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din bakgrunn og motivasjon for stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

Søknad og vedlegg med sertifiserte omsettingar til engelsk eller norsk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 31. januar 2018

Intervju vil bli held på norsk og engelsk.

Generell informasjon:

Utfyllande informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte administrasjonssjef Carol Bruce, tlf.: +47 55584360, epost carol.bruce@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 31.01.2018
Web: www.uib.no

Kontakt: Carol Bruce (Administrasjonssjef)
Telefon: +47 55584360
E-post: carol.bruce@uib.no