UNIVERSITETET I BERGEN (UiB)  - Prosjektøkonom vikariat (Seniorkonsulent, kode 1363) ved Sarssenteret

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen.

Prosjektøkonom vikariat (Seniorkonsulent, kode 1363) ved Sarssenteret

Søknadsfrist: 02. november 2017

I Sarssenteret si administrasjon er det ledig ei fulltids vikariatstilling som prosjektøkonom (Seniorkonsulent, kode 1363) frå februar 2018 til februar 2019. Det er muligheit for ei forlegning utover den opphavlege tilsettingsperioden dersom personen som no innehar stillinga vel å forlenge sin permisjon. Den administrative staben ved Sarssenteret tilbyr generell administrativ støtte inkludert økonomisk-, personal- og HMS-relaterte tenester for senterets styre og forskarar; i dag omtrent totalt 70 tilsette og gjestar. Sarssenteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) www.embl.de/.

Vi ser etter ein sjølvstendig, strukturert og samarbeidsvillig lagspelar med ein sterk forståing av økonomisk styring og erfaring med prosjektstyring. Som prosjektøkonom vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med våre forskarar i eit internasjonalt miljø. Personen som blir tilsett i stillinga er forventa å bidra til å sørge for at dei gode og rettferdige regnskapspraksisane, lagt fram av Universitetet i Bergen, blir følgt. Stillinga er ei av fem administrative stillingar ved Sarssenteret og personen som blir tilsett vil rapportere til Sarssenterets administrasjonssjef.

Arbeidsoppgåver som vert definert under feltet prosjektøkonomi:

  • Støtte og verktøy knytt til eksterne prosjekter i ulike faser: Søknads-, kontrakts-, drifts – og avslutningsfase
  • Utforming, oppfølging og kontroll av budsjett og rekneskap for Sars senterets kjernebevilling
  • Prognose og avviksrapportering til leder og UiB si økonomiavdeling
  • Økonomirapportering til prosjektleder
  • Budsjettering, prosjektoppretting, regnskapsføring, ompostering og andre økonomiske oppgåver
  • Vidareutvikling og kvalitetsekring av økonomirutinar for senteret
  • Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på masternivå innan relevant fagområde. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring innan budsjettering og rekneskap, samt kjennskap til prosjektadministrativ støtte er ønskeleg
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel
  • Erfaring og kjennskap til Universitet i Bergen sine administrative system er en ønskeleg
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Stor interesse for tal og ha god økonomiforståing
  • Strukturert, analytiske eigenskapar og detaljorientert
  • Trives med å ha ein travel arbeidskvardag
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner på alle nivå i organisasjonen
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
  • Fleksibel og serviceinnstilt

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande stilling med spanande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52-60 (for tida kr 450.900-517.300 pr. år), avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk eller norsk:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk på stillingen».

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjon som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vert ikkje vurderte.

Søknadsfrist: 02. november 2017

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Carol Bruce, tel.: +47 55 58 43 60, email: carol.bruce@uib.no.

UiB er ein organisasjon som i særlig grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadane. Den som vert tilsett må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Den statlege arbeidsstyrka skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandringsbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmode om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 02.11.2017
Web: www.uib.no

Kontakt: Carol Bruce (Administrasjonssjef)
Telefon: +47 55 58 43 60
E-post: carol.bruce@uib.no