Statped  - Teiknspråkkonsulent/rådgjevar på fagområdet høyrsel

Teiknspråkkonsulent/rådgjevar på fagområdet høyrsel

Frist: 31.05.2018

Statped vest er ein av fire regionar i Statped med regionsenter i Bergen og med kontor i Sandane og i Stavanger. Statped vest yter tenester til kommunar og fylkeskommunar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland innan fagområda synsvanskar, høyrselsvanskar, samansette lærevanskar, språk- og talevanskar, brukarar med døvblindheit eller kombinerte sansetap og brukarar med erverva hjerneskade.  

Statped vest har ledig ein fast stilling som teiknspråkkonsulent/rådgjevar på fagområdet høyrsel.  

Vi ønskjer å tilsette ein teiknspråkkonsulent/rådgjevarar som har høg kompetanse innan fagområdet høyrsel og særleg på teiknspråkområdet.     

Arbeidsoppgåver 

  • Opplæring av føresette, barn og unge i teiknspråk og norsk med teiknstøtte 
  • Arbeid med kurstilbod til barn og føresette med høyrselshemming 
  • Koordinering og sakshandsaming av tenester knytt til teiknspråk og kurs 
  • Delta i læremiddelutvikling, oppdrag frå høgskular og fleirfaglege oppgåver i fagavdelinga og Statped 
  • Stillinga inneber stor grad av sjølvstendig arbeid i tillegg til teamarbeid 
  • Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben 

  Kvalifikasjonar 

  • Relevant utdanning som til dømes lærar i tillegg til teiknspråk 60 studiepoeng (relevant realkompetanse i teiknspråk kan kompensere for dette utdanningskravet) 
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med høyrselshemming  
  • Rettleiingskompetanse, praktisk pedagogisk kompetanse og røynsle med bruk og utvikling av digitale læremiddel vert vektlagt 
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten. 
  • Personleg eigna 

  Personlege eigenskapar 

  • Gode samarbeidsevner 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Fleksibilitet 
  • Analytisk og utviklingsorientert 

  Vi tilbyr 

  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse 
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode høve til fagleg utvikling 
  • Stillingane vert løna som førstekonsulent st.kode 1408 i ltr. 42-49 (kr. 386 700 - 430 100).  For særleg kvalifiserte søkjarar st.kode 1434 rådgjevar i ltr 45-60 (kr. 404 000-517 700) 
  • Fleksibel arbeidstidsordning 
  • IA-verksemd 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse   

  Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.  

Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.  Søk på stillingen

Søknadsfrist: 31.05.2018
Web: www.statped.no

Kontakt: Hilde Sivertsen (Avdelingsleiar)
Telefon: 992 45 684