Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) - 1 – 2 forskarar i organisk/uorganisk arbeidsmiljøkjemi

1 – 2 forskarar i organisk/uorganisk arbeidsmiljøkjemi

Ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det ledig 1 - 2 faste forskarstillingar ved Avdeling for kjemisk og biologisk arbeidsmiljø (KBA), gruppe for kjemisk arbeidsmiljø. 

Gruppa har som mål å bidra til å avdekke nye eller utdjupe allereie kjente årsak/verknadssamanhengar mellom kjemisk/biologisk eksponering i arbeid og risiko for arbeidsrelaterte helseeffektar. Fastsetjing av kjemiske sambindingar i luft og  biologiske væsker står sentralt i gruppa sitt arbeid.

Vi søkjer etter:

- Stilling 1: Forskar med kompetanse innan og erfaring med
                  organisk arbeidsmiljøkjemi.

- Stilling 2: Forskar med kompetanse innan og erfaring med
                  uorganisk arbeidsmiljøkjemi.

For begge stillingane vil erfaring med utvikling og bruk av metodikk for prøvetaking av luftforureiningar og yrkeshygieniske vurderingar, samt kjennskap til elektroniske informasjonssystem for laboratorium (LIMS-system) være en fordel.

Vi tilbyr faglige spennande utfordringar i eit kompetent miljø, prega av gode samarbeidsrelasjonar på tvers av fag, avdelingar og institusjonar, både nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet for stillinga som forskar innan organisk arbeidsmiljøkjemi vil være knytt til analyse av organiske sambindingar i luft- og biologiske prøver ved bruk av mellom anna gass-/væskekromatografi med massespektrometrisk deteksjon (GC/LC-MS).

Arbeidet for stillinga som forskar innan uorganisk arbeidsmiljøkjemi vil være knytt til arbeid med fastsetjing av grunnstoff i luft- og biologiske prøver ved bruka av mellom anna induktiv kopla plasma optisk emisjonsspektrometri (ICP-OES) og massespektrometri (ICP-MS).

Prioriterte arbeidsoppgåver for begge stillingane er evne til å initiere og gjennomføre arbeidsmiljørelaterte forskingsprosjekt, med rapportering og vitskapleg publisering. Sentrale arbeidsoppgåver vil være utvikling av analytiske metodar for fastsetjing av kjemisk forureining i arbeidsatmosfære og markørar for desse i biologiske væsker. I tillegg vil rådgiving og oppgåver knytt til instituttet sine laboratorietenester være arbeidsoppgåvene som inngår i stillingane. I samband med forskingsprosjekt med tilhøyrande prøvetaking/datainnsamling i bedrifter, må noko reiseverksemd forventast.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter forskarar med dr.-grad innan høvesvis organisk/uorganisk analytisk kjemi, men godt kvalifiserte kandidatar med mastergrad/hovudfag innan fagområda med dokumentert vitskapleg erfaring på doktorgradsnivå, vil også bli vurdert.

Forutan dokumenterte kunnskapar om og erfaring med dei relevante teknikkane, vil gode evner til å initiere forsking/skaffe til veie ekstern finansiering til forskingsprosjekt samt vitskapleg publisering leggast vekt på. Gode datakunnskapar er ein føresetnad.

Eigenskapar

Samarbeidsevner, serviceinnstilling, resultatorientert og personlig
initiativ tilleggas stor vekt.

Det stillast krav til god munnleg og skriftlig kommunikasjon på norsk og engelsk. Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og systematisk
er ein føresetnad.

Stillingane er faste heiltidsstilling som blir løna etter Statens regulativ som forskar (kode 1108/1109/1110/1183/1111) (ltr. 62 - ), avhengig av kvalifikasjonar, med 2% fråtrekk til Statens pensjonskasse.

Ytterlegare informasjon om Statens arbeidsmiljøinstitutt finn ein på våre nettsider: www.stami.no

Kontakt:

Nærmare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

-  Gruppeleier KBA-Kjemi,  Nils Petter Skaugset
   (nps@stami.no, tlf 23 19 53 56)

-   Avdelingsdirektør KBA Dag G. Ellingsen
    (Dag.Ellingsen@stami.no, tlf 23 19 53 77)

-   Avdelingsdirektør ADM, Margrethe Schøning
    (msc@stami.no, tlf. 23 19 51 36)

Tiltreding: Etter avtale

Søknadsfrist: 15. februar 2017  

Elektronisk søknadsskjema på: www.stami.no/ledige-stillinger

Søkjarar blir bedt om å søkje via skjemaet under og om å leggje ved CV med publikasjonsliste med søknaden. Attester og publikasjonar må ein ta med seg til eit evt. intervju.

Det må gå klart fram av søknaden om ein søkjer på stilling 1 eller stilling 2.

Søknadsfrist: 15.02.2017
Web: www.stami.no

Kontakt: Gruppeleier KBA-Kjemi, Nils Petter Skaugset
Telefon: 23 19 53 56
E-post: nps@stami.no