Høgskulen på Vestlandet (HVL)  - Stipendiatstilling i pedagogisk veiledning

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Stipendiatstilling i pedagogisk veiledning

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Sogndal, er det ledig ei stipendiatstilling i pedagogisk veiledning ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal.

Tema for forskingsprosjektet er korleis pedagogisk veiledning som systematisk arbeidsform kan medverke til å utvikle lærande skular eller barnehagar. Formålet er å utvikle ny kunnskap om korleis veiledning kan bidra til endring av personalet sine refleksjonar, arbeidsmåtar og syn på pedagogisk arbeid, og korleis veiledning kan medverke til å utvikle eit kritisk blikk på eigen praksis og muligheiter til å inngå i kollektive læringsprosessar.

Kvalifikasjonar

Kandidaten må ha hovudfag/mastergrad innan skule – eller barnehagefaglege område. Kriterium for tilsetjing i stilling som doktorgradsstipendiat framgår av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialkandidat, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31. januar 2006, med heimel i Lov om universiteter og høgskoler § 6-4. Lovdata Stillinga stiller krav til å kunne arbeide målretta, ryddig, konsentrert og sjølvstendig. Ved vurdering av søkarane vil det bli lagt vekt på oppnådde eksamensresultat samt eventuelle tidlegare utviklingsarbeid, publiserte vitskaplege arbeid, relevant praksis, erfaring i prosjekt organisering/ administrering, samarbeidsevne samt god skriftleg og munnleg formidlingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk.

Tilsetjingsvilkår

Åremålsperioden for stipendiatstillinga vil ha ei ramme på tre år, med moglegheit for fire år. Ved sistnemnde alternativ vil 25 % av arbeidstida gå med til undervisnings- og utviklingsarbeid i fagmiljøet ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing. Stillinga skal vere knytt til PhD –studiet: studier av danning og didaktiske praksisar ved HVL, campus Bergen

Stillinga er lønna etter Statens lønsregulativ som stipendiat, kode 1017. Høgskulen har tenestepensjon. Det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Staten legg vekt på at arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få flest mogleg jamvekt mellom kjønn, rekruttere personar med

innvandrarbakgrunn og leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsspråket er norsk. Tilsetjinga skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn som til ei kvar tid gjeld for høgskulen. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-bedrift.

For spørsmål eller supplerande opplysningar, ta kontakt med dosent/Dr.-polit Ingrid Fossøy  ingrid.fossoy@hvl.no eller 57676057 og dekan Osvald Lykkebø osvald.lykkebo@hvl.no eller 57676017.

Søknad med CV, attestar, vitnemål og kort prosjektskisse skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga». Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid (inntil fem tekstar). Dersom eitt eller fleire arbeid som vert sendt inn er produkt av samproduksjon, må søkjar gjere greie for kva rolle han/ho har hatt i prosessen.

 

Elektronisk søknad med vedlagde attestar og vitnemål kan bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

Gje opp to referansar, ein frå siste arbeidsgjevar.

Søk stillingen her

Søknadsfrist: 15.10.2017
Web: www.hvl.no

Kontakt: Dosent/Dr.-polit Ingrid Fossøy
Telefon: 57 67 60 57
E-post: ingrid.fossoy@hvl.no

Kontakt 2: Dekan Osvald Lykkebø
Telefon: 57 67 60 17
E-post: osvald.lykkebo@hvl.no