Høgskulen på Vestlandet (HVL)  - Rådgjevar - prosjektleiar ved Senter for nye medier

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Rådgjevar - prosjektleiar ved Senter for nye medier

Søknadsfrist 14. mai 2017

Ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen, er det ledig stilling som rådgjevar - prosjektleiar. Stillinga er knytt til Fellesadministrasjonen, Seksjon for forskning og ekstern samhandling, Senter for nye medier.

Senter for nye medier er høgskulens kompetansesenter for bruk av nye medium i undervising, forsking og formidling. Senteret er eit leiande fagmiljø innan produksjon og utvikling av digitale læringsressursar, mobile applikasjonar og e-læring. Senter for nye medier har 12 medarbeidarar og held til på campus Kronstad.

HVL er inne i ein fusjonsprosess som opnar nye moglegheiter for senteret, mellom anna innan digitalisering og e-læring.

 

Ansvars- og arbeidsområde

Stillinga skal ha ansvar for prosjektutvikling og -oppfølging, samt innhalds- og medieproduksjon.

Den som vert tilsett vil få ansvar for følgjande arbeidsområde: 

  • Prosjektleiing – intern og ekstern finansiert verksemd
  • Teknisk konseptutvikling av innovative digitale løysingar
  • Rådgjeving, utgreiing og formidling i teknologispørsmål på ulike digitale flater

Kvalifikasjonskrav

Stillinga krev utdanning på minst bachelornivå. Vidare er det naudsynt med omfattande relevant administrativ røynsle og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine fagadministrative funksjonar.

Stillinga krev relevant arbeidserfaring innanfor eit eller fleire av følgjande område: 

  • Utviklarkompetanse med vekt på relevante programmeringsspråk for web og mobil, som til dømes HTML5, CSS3 og javascript
  • Kreativ konseptutvikling
  • Erfaring med teamarbeid og SMIDIG utviklingsmetode, til dømes SCRUM
  • Gode kunnskapar i bokmål og nynorsk og særs god skriftleg framstillingsevne

Du må ha særs god teknisk innsikt og trivst med systemutvikling, vera fagleg sterk og kunne setja deg raskt inn i nye område og teknologiar.

Det er ynskeleg at den som vert tilsett og har erfaring med eller interesse for område og teknologiar som interaktivitet, mobile einingar, 3D, VR, AR, Unity og liknande.

Personlege eigenskapar som gjennomføringskraft, sjølvstende og evna til å kunne omsetje kreative idear til brukarvenlege tekniske løysingar vil bli vektlagd.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna etter lønsregulativet i staten, stillingskode 1434 Rådgjevar, årsløn frå 400 100 - 556 700.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtalar som gjeld for stillinga. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endring i stillinga sine ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, og tilsette med innvandrarbakgrunn er difor eit personalpolitisk mål.

Opplysingar om søkjarar kan verte offentlege, sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på lista over søkjarar. Om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Kontaktpersoner

Kontorsjef Morten Morlandstø, tlf: 55587916

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 14.05.2017
Web: www.hvl.no

Kontakt: Morten Morlandstø (Kontorsjef)
Telefon: 55587916