Høgskulen på Vestlandet (HVL)  - Professor- / kvalifiseringsstilling innan organisasjon og leiingsfag

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Professor- / kvalifiseringsstilling innan organisasjon og leiingsfag

Søknadsfrist 22. oktober 2017

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast professor- / kvalifiseringsstilling innan organisasjon og leiingsfag ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved Campus Sogndal.

Ved Høgskulen på Vestlandet, vil det frå 1. januar 2018, vera etablert eit felles fakultet for økonomiske og  amfunnsvitskaplege fag i HVL, med utdanningar i alle dei tre regionane som HVL famnar om. Det nye fakultetet for økonomi og samfunnsvitskap vil ha omlag 100 fagleg tilsette og meir enn 2000 studentar. Fakultetet vil tilby  utdanningsprogram på bachelor- og masternivå innan økonomisk- administrative fag, nautikk og samfunnsfag, i tillegg til doktorgradsprogram innan økonomisk-administrative fag og nautikk, som vert tilbydd i samarbeid med andre forskings- og utdanningsinstitusjonar. Fakultetet vil også ha fleire tilbod innan etter- og vidareutdanningar.

Instituttstrukturen er under utforming, og skal også vera verksam frå 1. januar 2018. Stillinga vil vere lokalisert til Sogndal.

Arbeids- og ansvarsområde

Stillinga vil inngå i høgskulen sitt fagmiljø innan organisasjon og leiingsfag. Dette fagmiljøet driv i dag eit masterstudium i organisasjon og leiing retta mot helse-, velferds- og utdanningsinstitusjonane i offentleg sektor, etter- og vidareutdanningsstudium og ei rekkeforskingsprosjekt retta mot denne målgruppa. Forskinga gjeld særleg styring og samhandling i fleirnivåsystem, utforming og gjennomføring av offentleg politikk, leiing og  kunnskapsutvikling i offentlege tenesteytande organisasjonar. Det same fagmiljøet leiar og det strategiske forskingsprogrammet Innovasjon og kvalitet i offentleg tenesteyting og styring (IKO), som inneber ei meir spissa satsing på innovasjon og kvalitetsutvikling i offentleg sektor.

Primært er stillinga tiltenkt forsking og undervisning innanfor organisasjons- og leiingsfag på mastergradnivå, og rettleiing av masteroppgåver. Sentrale emne er offentleg politikk, organisasjon, leiing og læring, forskingsdesign og metode. Stillinga kan elles bli tillagt undervisningsoppgåver innan ulike delar av høgskulen si verksemd. Masterstudiet i organisasjon og leiing er deltids- og samlingsbasert. Ein må rekne med ein del reiseverksemd.

 

Kvalifikasjonar

Søkjarar til stillinga må ha kompetanse på professornivå innan statsvitskap, administrasjons- og organisasjonsvitskap eller tilsvarande andre samfunnsvitskaplege studieretningar. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har fagleg kompetanse innan fagfeltet organisasjon, leiing og styring i offentleg sektor. Det vil bli lagt vekt på brei metodekompetanse og erfaring frå rettleiing innan både kvantitativ og kvalitativ metode. Forskingsinteressa kan vere knytt til ulike sektorar, men forskingskompetanse retta mot helse-, velferds-, utdanningssektoren, lokale og regionale styringsnivå eller sosiale innovasjonar er av stor interesse. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har god erfaring og har jobba tett mot ein av desse sektorane.

Om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, vil det kunne vere aktuelt med tilsetjing i ei kvalifiseringsstilling, det vil bli lagt til rette for at vedkomande har kompetanse slik at ein seinast i løpet av ein treårs-periode må ha fått opprykk til professor.

For stillinga er det også krav om praktisk pedagogisk utdanning og/eller erfaring frå undervisning og rettleiing. Det er ønskjeleg at søkjar har relevant yrkeserfaring. Tilsette utan formell pedagogisk utdanning og som ikkje kan dokumentere tilsvarande kvalifikasjonar, vil bli pålagt å gjennomføre kurs i pedagogikk. Utdanning tatt utanfor Noreg, skal vere godkjent og stadfesta av NOKUT. Arbeidsspråket er norsk.

Ved rangering av kompetente søkjarar blir det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring og dokumentert forskings- og formidlingsinnsats innan relevante fagområde. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne, stabilitet og samarbeid. Vi ønskjer også tilsette som kan bidra med engasjement i det offentlege ordskiftet.

Tilsetjingsvilkår

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for professor eller for kvalifiseringsstilling. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Meir informasjon om stillinga får du hjå Instituttleiar Grete Netteland, epost grete.netteland@hvl.no.

Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid (inntil 10 stk.). Dersom eit eller fleire arbeid som vert sendt inn er produkt av samproduksjon, må søkjaren gjere greie for kva rolle ho/han har hatt i prosessen.

Vi ber om at du gjev opp referansar i søknaden.

Elektronisk søknad med vedlagde attestar, vitnemål og vitskaplege arbeid vil bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering, slik det ligg føre frå søkjar. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden i Jobbnorge. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

Søk denne stillinga

Søknadsfrist: 22.10.2017
Web: www.hvl.no

Kontakt: Grete Netteland (Instituttleiar)
E-post: grete.netteland@hvl.no