Høgskulen på Vestlandet (HVL) - Kommunikasjonsmedarbeidar - seniorkonsulent

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Kommunikasjonsmedarbeidar - seniorkonsulent

Søknadsfrist: 5. juni 2017

Ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, er det ledig vikariat i 100 % som kommunikasjonsmedarbeidar frå 15.08.17 til 07.06.18. Stillinga er knytt til Fellesadministrasjonen, Seksjon for kommunikasjon.

 

Seksjon for kommunikasjon ved campus Bergen arbeider med ekstern og intern kommunikasjon på strategisk og operativt nivå. Seksjonen har mellom anna ansvar for strategisk kommunikasjonsrådgjeving, overordna profilering og marknadsføring, mediekontakt, nettsider, intranett, sosiale media og allmenn forskingsformidling.

 

Ansvars- og arbeidsområde

Kommunikasjons- og informasjonsarbeid internt og eksternt, kommunikasjonsrådgjeving, marknadsføring og arbeid med sosiale media. Innhaldsproduksjon til høgskulens nettsider og intranett. Avdelingskontakt for Avdeling for helse- og sosialfag.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter ein omgjengeleg og operativ medarbeidar med god erfaring frå strategisk kommunikasjonsarbeid, og høg kjennskap til forskings- og utdanningssektoren. Søkjar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, og eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk. Personlege eigenskaper blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø. 
Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna etter lønsregulativet i staten, stillingskode 1363 Seniorkonsulent, årsløn frå 477 800 - 507 100.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtalar som gjeld for stillinga. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endring i stillinga sine ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, og tilsette med innvandrarbakgrunn er difor eit personalpolitisk mål.

Opplysingar om søkjarar kan verte offentlege, sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på lista over søkjarar. Om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Kontaktperson

Kommunikasjonsdirektør Elin F. Styve tlf: 97765066

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 05.06.2017
Web: www.hioa.no

Kontakt: Elin F. Styve (Kommunikasjonsdirektør)
Telefon: 97765066