Høgskulen på Vestlandet (HVL) - Inntil 4 faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i musikkpedagogikk/comunity music

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Inntil 4 faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i musikkpedagogikk/comunity music

Søknadsfrist 3. mai 2018

Informasjon om avdeling/fagmiljø/faglig kontekst

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Stord, er det ledig inntil 4 faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i musikkpedagogikk ved fagmiljøet i musikk på Institutt for kunstfag.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6000 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Vi har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet er organisert i forskingssenter og –grupper. Fakultetet vart etablert frå 01.01.18 ved at tre avdelingar ved høgskulen vart slått saman.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet er involvert i utdanningar på bachelor-, master- og Ph.D.-nivå. Fagområda i instituttet omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Tilsette på instituttet er aktive deltakarar i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Institutt for kunstfag har som mål å vere ei drivkraft for utvikling av fagmiljøet på eit høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Stillingane skal ha arbeidsstad på campus Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

Oppgåvene vil omfatta forskingsbasert undervisning og rettleiing av studentar og vil vera ei blanding av utøvarorientert og pedagogisk/didaktisk arbeid, samt forsking innan feltet og publisering av vitskaplege artiklar. Musikkmiljøet har ansvar for undervising på faglærarutdanning i musikk, barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, årsstudium i musikk, og på Master i Kreative fag og læreprosessar. Forskings- og utviklingsarbeid og kurs- og oppdragsverksemd med deltaking i relevante prosjekt i samarbeid med kollegaer og andre samarbeidspartar er også viktige og aktuelle arbeidsfelt. Høgskulen nyttar digitale læringsverktøy og planlegg oppstart av nettstøtta- og samlingsbaserte undervisingsformer på fleire utdanningar frå hausten 2018. Instituttet ønskjer å vidareutvikla forskings- og utviklingsarbeidet i fagmiljøet og styrke dette gjennom tilsettingane.
Oversikt over kompetansebehov:

  • Ei 100% fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor innan Community Music med fokus på rytmisk musikk, ensemblespel- og leiing, digitale verktøy/musikkteknologi, forskings- og kunstnerisk kompetanse innan kreative og didaktiske praksisar i musikk
  • To 100% faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor innan musikkpedagogikk og fagdidaktikk i grunnskule, vidaregåande og kulturskule, med fokus på rytmisk musikk, ensemblespel- og leiing, kor og vokalarbeid, piano, komponering/arrangering, digitale verktøy/musikkteknologi, forskings- og kunstnerisk kompetanse innan kreative og didaktiske praksisar i musikk.
  • Ei 100% fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor innan musikkpedagogikk og fagdidaktikk for barnehagefeltet med fokus på rytmisk musikk, vokalarbeid, gitar, digitale verktøy/musikkteknologi, forskings- og kunstnerisk kompetanse innan kreative og didaktiske praksisar i musikk.

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på at stillingane til saman kan dekke fleire av fagområda.

Kvalifikasjonskrav:

Søkarar til fast stilling må ha førstekompetanse innan musikkpedagogikk eller eit anna fag/fagområde med høg relevans for stillinga. Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkarar med relevant arbeidserfaring/fagleg profil, vert det opna for å tilsetta i midlertidig stilling.
For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Søkar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk på ein god måte.

Tilleggskrav:

  • Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:
  • Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule og/eller skule/barnehage/community music
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og/eller vitskapeleg arbeid
  • Høgskulepedagogisk kompetanse
  • Andre ønska kvalifikasjonar, f. eks språkkompetanse/engelsk (vurdert i kvart tilfelle)
  • Det vert vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Søkarar til stillinga vil bli vurdert og rangert av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillingane vert kalla inn til intervju og bedt om å halde prøveforelesing.

Kontaktpersonar:

  • Oded Ben-Horin, instituttleiar. Telefon: +47 41577145. Epost:oded.ben@hvl.no
  • Jonas Selås Olsen. Telefon +47 41650238. Epost: jonas.olsen@hvl.no

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 03.05.2018
Web: www.hvl.no

Kontakt: Oded Ben-Horin (Instituttleiar)
Telefon: +47 41577145
E-post: oded.ben@hvl.no

Kontakt 2: Jonas Selås Olsen
Telefon: +47 41650238
E-post: jonas.olsen@hvl.no