Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA)  - Rådgjevar/seniorrådgjevar - organisasjonsutvikling

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er landets største statlige høgskole, med rundt 18 000 studenter og 2000 tilsatte. HiOA har studiesteder i Pilestredet, på Kjeller og i Sandvika. Vi skal være et attraktivt studie- og arbeidssted som samarbeider aktivt med storbyregionens samfunns-, arbeids- og kulturliv. Vårt mål er å bli et ledende universitet i Norden med en profesjonsrettet profil.

Rådgjevar/seniorrådgjevar - organisasjonsutvikling

Søknadsfrist:6. juni 2017

Vil du vera med å forma ein administrasjon for fremtida ved HiOA? 

Høgskolen i Oslo og Akershus har ein pågåande strategiprosess kor område som digitalisering, internasjonalisering, auka satsing på forskning og utdaningskvalitet – og ein administrasjon for fremtida, vert viktige satsingsområder. Nå ser me etter deg som kan vera med og sjå mulighetene for forbetring og effektivisering av dei tenestene som administrasjonen leverar. Vårt mål er, mellom anna, å koma lenger med felles, og meir sams prosessar og praksis innan dei administrative områda og i auka grad tilby digitale løysingar. Du vil vera med i eit kompetent team med interne og eksterne i eit 3-årig program med namnet «Administrasjon for fremtiden». Stillinga er mellombels i tre år med mulighet for fast tilsetjing.

Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera å

  • arbeida som prosesskonsulent og leia delprosjekt innan program Administrasjon for fremtiden
  • arbeida operativt i ulike delar av administrasjonen med prosesskartlegging, tenestedesign, verdistraumanalyse og gevinstplanlegging
  • arbeida tett med linjeleiarar og tenesteeigarar
  • bidra til ein vellukka innføring av digitale løysingar
  • opplæring og rettleiing

Du vil også kunne verta trekt inn i andre prosjekter i administrasjonen.

Me søkjer deg som har

  • utdaning på universitets- eller høgskulenivå, fortrinnsvis master
  • 3-5 års relevant erfaring, gjerne frå konsulentselskap med prosjekt innan universitets- og høgskulesektoren eller frå offentlig sektor
  • god kompetanse innan prosjektarbeid og prosesskartlegging, tenestedesign eller tilsvarende, gjerne i store komplekse organisasjonar
  • kan dokumentera di evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid
  • gode evner til å kommunisera både skriftleg og muntleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskaper

I denne stillinga vil du arbeida i team og «på tvers» i verksemda. Det er derfor viktig at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, at du er ein god «lytter». Du må også

vera flink til å forstå brukarbehov og kva dei inneber, og ha evne til å finna gode og gjennomførbare løysingar som bidrar til å oppnå prosjektet sitt mål. Du bør også ha erfaring og trygghet til å vera i dialog med, og nokre ganger utfordra, leiarar og medarbeidarar i linjeorganisasjonen. Du må vera komfortabel med å arbeide på digitale plattformer.

Det er viktig for HiOA å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det.

Me kan tilby deg

  • utfordrande og sjølvstendige oppgåver, med store påvirkningsmuligheter innan eige ansvarsområde
  • muligheter for fagleg utvikling
  • eit arbeidsmiljø med motiverte og engasjerte kollegaer i avdeling for HR
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar 

Du må lasta opp attester og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Oversetjingar må være autoriserte. Du må visa orginalar ved eit eventuelt intervju. Høgskolen i Oslo og Akershus kontrollerar dokumenter, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysninger

Dersom du ynskjer nærare informasjon om stillinga kan du kontakta

  • HR-direktør Geir Haugstveit, mobil 94877592
  • Prosjektleder Joakim Fredriksen, mobil 93046804

Stillingen vert løna etter Staten sitt lønnsregulativ, stillingskode 1434 rådgjevr med løn frå kroner 436 900 til kroner 579 300 eller 1364 seniorrådgjevar med løn frå kroner 517 700 til kroner 650 200 pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn verta vurdertFor tilsetjing som 1364 seniorrådgjevar krev me at du har lang og relevant erfaring og helst mastergrad/hovudfag

Vil du søkja på stillingen må du søkja elektronisk ved å benytte knappen nederst i utlysninga ”Logg inn og søk stillingen”.

Søknadsfrist:6. juni 2017

Ref:  17/03525                     

Logg inn og søk stillingen

Søknadsfrist: 06.06.2017
Web: www.hioa.no

Kontakt: Geir Haugstveit (HR-direktør)
Telefon: 94877592

Kontakt 2: Joakim Fredriksen (Prosjektleder)
Telefon: 93046804