Helse Førde  - Postdoktor innan tverrfagleg behandling av sjukleg overvekt, i prosjektet "NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems."

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Postdoktor innan tverrfagleg behandling av sjukleg overvekt, i prosjektet "NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems."

Ei postdoktorstilling er ledig i Helse Førde. Stillinga er finansiert av Norges Forskningsråd (NFR) og knytt til prosjektet NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems. Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for stillinga er tre år på fulltid eller fire år i 75% stilling.

Postdoktorstillinga høyrer til forskingsgruppa for psykisk helse og rus.

Om prosjektet
Prosjektet NORSE er utvikla i Psykisk helsevern i Helse Førde. NORSE er eit innovativt klinisk system for betring av behandlingseffekt i helsetenester. NFR-tildelinga rettar seg mot forskings- og innovasjonsaktivitetar som har som mål å utvide NORSE til å forbetre tenester innan somatiske klinikkar og i samhandling med førstelinja. Prosjektet omhandlar forsking på tenesteutvikling i tverrfagleg fedmepoliklinikk, og betring av samhandling, pasientforløp, tilvisingspraksis og rettleiing av kommunane. Prosjektet har regionalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid som er viktig for gjennomføringa.

NFR-prosjektet har tre arbeidspakkar. Postdoktorstillinga rettar seg mot å vidareutvikle og besvare definerte forskingsspørsmål i arbeidspakke 2. Målet med arbeidspakke 2 er å styrke helsetenestene til menneske med sjukleg overvekt, slik at psykiske og kroppslege aspekt ved desse helsevanskane kan møte integrert forståing og eit integrert helsetilbod.

Søkjarar vert oppfordra til å ta kontakt for å få tilsendt prosjektbeskriving, og setje seg godt inn i denne.

Forskingsgruppe for psykisk helse og rus (PHR) er felles mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, og er ei tematisk satsing for Helse Førde i perioden 2015-2020. Gruppa har fleire større prosjekt, mellom anna sju PhD-prosjekt/post.doc som studerer betringsprosessar, psykoterapi, reell brukarmedverknad og implementering. I tillegg har gruppa tilsett støttepersonale, slik som prosjektutviklar og forskingsassistent. Gruppa er leia av Christian Moltu, som er fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde og professor ved Avd. for Helsefag, Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde. Moltu har utvikla og leia NORSE-prosjektet sidan starten.

Arbeidsoppgåver
  • Ei postdoktorstilling rettar seg mot å kvalifisere talentfulle forskarar med avlagt doktorgrad til toppstillingar ved å gi gode rammer for fulltidsforsking og utvikling av samarbeidsnettverk i ein periode etter fullført PhD. Den som får stillinga, vil ha eit særleg ansvar for forsking i den kvalitative delane av arbeidspakke to i prosjektet.
  • Postdoktorprosjektet skal utvikle kunnskap om behova til pasientar og klinikarar i tverrfagleg fedmepoliklinikk i utviklinga av spesialiserte helsetenester som forstår psykiske og kroppslege prosessar som integrert.
  • Den som vert tilsett i prosjektet skal bidra inn i utviklinga av ein klinisk protokoll for integrert bruk av avansert psykisk helsekunnskap i tverrfagleg fedmepoliklinikk.
  • I prosjektprotokollen er postdoktorstillinga knytt til forskingsspørsmål 5-7. I den konkrete gjennomføringa av postdoktorprosjektet kan den som vert tilsett tilpasse desse forskingsspørsmåla til eigen kompetanse og interesse, innanfor rammene av det som NFR har gitt løyving til.
  • Det vert forventa at den som vert tilsett utviklar nasjonalt og internasjonalt samarbeid i gjennomføringa av prosjektet.
  • Datainnsamling i arbeidspakken er planlagd både i Helse Førde og ved St. Olavs Hospital. Noko reiseverksemd må reknast med.
Kvalifikasjonar
  • Avlagt doktorgrad med relevans for fagfeltet. Disputas må vere gjennomført og godkjent ved søketidspunkt.
  • Sterk kompetanse og dokumenterbar erfaring frå kvalitativ empirisk forsking
  • Klinisk og/eller akademisk erfaring med relevans for prosjektet
  • Søkjaren må meistre norsk og engelsk svært godt skriftleg og munnleg.
  • Dokumenterbar evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og med god framdrift
  • Interesse for og evne til å bidra i faglege fellesskap på tvers av disiplinar
  • Interesse for å utvikle nasjonalt og internasjonalt samarbeid
  • Nysgjerrigheit og interesse for utvikling av betre helsetenester

    Om postdoktorstillinga

  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Utdanningsretning
  • Psykologi
  • Medisin
  • Helsefag, andre
Utdanningsnivå
  • Høgskule/universitet, doktorgrad
Språk
  • Engelsk
  • Norsk
Vi tilbyr
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale innanfor lønsramme 24 etter Statens regulativ
  • Medlemsskap i pensjonsordning
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Deltaking i eit hyggeleg og produktivt forskingsmiljø

    Slik søkjer du stillinga
    Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjarane skal nytte det elektroniske CV-skjemaet som ein finn der. I tillegg må dette følgje søknaden:

  • Ei kort søknadstekst, med søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kort prosjektskisse (inntil 2 sider), der søkjar tek utgangspunkt i NFR-protokollen og peikar på moglegheiter og utfordringar ved gjennomføringa.
  • Tentativ framdriftsplan for prosjektet på inntil 1 side.
  • CV og vitnemål og attestar, samt publikasjonsliste
  • Søkjar kan legge ved opp til fem vitskaplege arbeid med tilvising til kva kvalifikasjonar dei dokumenterer.

    Generell informasjon
    Førespurnad om å få tilsendt prosjektbeskriving og praktiske/administrative spørsmål:

    • Seksjonsleiar Taryn Malkhassian, taryn.malkhassian@helse-forde.no +47 405 26 260
    • Forskingsleiar Marit Solheim, marit.eva.solheim@helse-forde.no +47 400 46 114

    Spørsmål om den vitskaplege delen av prosjektet: christian.moltu@helse-forde.no

    Søknadsfrist: 1. juni 2017
    Ønska oppstart: 1. oktober 2017

Søknadsfrist: 01.06.2017

Kontakt: Taryn Seta Malkhassian, Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 57831541

Kontakt 2: Marit Solheim, Forskingsleiar
Telefon: (+47) 400 46 114