Haukeland universitetssjukehus  - Forskingsdirektør

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Forskingsdirektør

Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskings- og innovasjonsmiljø. Vi søker ein innovativ forskingsdirektør til å leie og å utvikle regionsjukehuset mot framtida.

Som forskingsdirektør ved Haukeland universitetsjukehus vil du stå i spissen for eit spennande og anerkjent forskingsmiljø. Du blir leiar for Seksjon for forsking og innovasjon som består av 40 kompetente medarbeidarar. Dette er ei sentral eining ved sjukehuset og i heile regionen. Driftsbudsjettet er på om lag 50 millionar kroner, der om lag halvparten er øyremerka midlar frå Helse Vest for å utføre regionale oppgåver.

Forskingsdirektøren får ei sentral rolle i regionale oppgåver knytt til Helse Vest forskingsmidlar, forskingsstøtte, helseregister og metodevurdering. Viktige oppgåver for forskingsdirektøren er oppfølging av dei regionale oppgåvene som Seksjon for forsking og innovasjon utfører på vegne av Helse Vest. Seksjonen koordinerer mellom anna arbeidet med Helse Vest sine samarbeidsorgan mellom det regionale føretaket og UH-institusjonane i regionen. I tillegg har seksjonen ansvaret for å tildele og følgje opp Helse Vest sine forskingsmiddel på om lag 200 millionar kroner per år.
Sjå her for å lese meir om forsking og innovasjon og
Våre sider om forsking.

Forskingsdirektøren vil få ei sentral rolle i det forskingsstrategiske arbeidet ved universitetssjukehuset med utgangspunkt i mål og strategiar.

Viktige oppgåver er vidareutvikling av strategisk forskingsprogram og stimulering av ekstern forskingsfinansiering. Du skal vere ein pådrivar for omstilling og forbetring og du må evne å forstå regionsjukehuset sine nye behov, slik at tenestene til ei kvar tid er tilpassa nye krav og framtida.

Vi søker ein utviklingsorientert og strategisk leiar som set høge mål for å auke den eksterne delen av forskingsfinansieringa ved regionsjukehuset gjennom konkurranse i internasjonale og nasjonale forskingsprogram.

Vi søker ein forskingsdirektør som er offensiv og nytenkande i dialog med fagmiljø, samarbeidsinstitusjonar, offentlege instansar og finansieringskjelder. Den nye forskingsdirektøren vil og ha ei sentral rolle i det forskingsstrategiske arbeidet i regionen.

For å lykkast i denne stillinga, må du ha relevant leiarerfaring og eit godt nettverk nasjonalt og internasjonalt. Du er strategisk sterk med solid innsikt i spesialisthelsetenesta og innan forsking. Som forskingsdirektør blir du sentral i leiargruppa

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for personell, fag og økonomi ved Seksjon for forsking og innovasjon
  • Ansvar for at regionale oppgåver innan ansvarsområdet blir utført etter plan og med høg kvalitet
  • Bidra til at sjukehuset når måla sine innan forsking og innovasjon
  • Deltaking i regionale og nasjonale utvalg, og mellom anna leia sekretariatet for dei to samarbeidsorgana mellom Helse Vest og UH- institusjonane innan forsking, innovasjon og utdanning
  • Bidra inn i forskings- og innovasjonsstrategiarbeid lokalt, regional og nasjonalt
  • Vere rådgivar for Helse Vest innan forsking og innovasjon
  • Sørge for god samhandling med universitet og høgskular nasjonalt og internasjonalt, departement og relevante direktorat
  • Bidra til kontinuerleg vidareutvikling av system og verktøy for å understøtte forsking- og innovasjonsaktivitet
Kvalifikasjonar
  • Høgare helsefagleg utdanning med doktorgrad, gjerne tilsvarande professorkompetent, og god erfaring frå samarbeid med universitet og høgskular
  • Dokumentert leiarerfaring og -kompetanse
  • God kunnskap og erfaring frå spesialisthelsetenesta og arbeid i sjukehus
  • Gjerne erfaring frå forskingsleiing og- forvaltning
  • God kunnskap om våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • Relevant og godt nettverk, lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Inngåande forståing for tverrfagleg arbeid og prosjektleiing
  • Inngåande erfaring med strategi- og målarbeid
  • God munnleg og skriftlig formuleringsevne på norsk og engelsk
  • God innsikt i nasjonale og internasjonale utviklingstrekk innan helse
  • Erfaring frå arbeid som krev god teft og forståing for teknologiske utviklingstrekk i samfunnet
Utdanningsretning
  • Helsefag, andre
  • Medisin
Utdanningsnivå
  • Høgskule/universitet, doktorgrad
Personlege eigenskapar
  • Ein synlig og motiverande leiar som sett tydeleg retning
  • Strategisk anlagt med evne til å posisjonere sjukehuset ute
  • Høg gjennomføringsevne med gode resultat frå å koordinere komplekse prosessar
  • Endringsvillig og initiativrik
  • Ein god nettverksbyggar, både internt og eksternt
  • Leverer gode resultat gjennom å skape tverrfagleg samarbeid og kompetansebygging på tvers
  • Gode analytiske og strategiske eigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • God forståing for forskings - og tenestebehov
Vi tilbyr
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø
  • Mulegheit til å være med å forme forskinga i framtidas universitetssjukehus
  • Mulegheit for akademisk bistilling ved Universitetet i Bergen, dersom den akademiske kompetansen er tilfredstillande
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Søk på stillingen her

Søknadsfrist: 21.05.2017

Kontakt: Tove Huse Bjerkevoll Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: (+47) 48073834

Kontakt 2: Clara Gram Gjesdal Viseadministrerende direktør
Telefon: (+47) 95297662